Hopp til innhold

No sel dei drivstoff med tap for å kapre kundar

Like før jul opna ein ny bensinstasjon i Førde. Priskrigen har spreidd seg til store deler av Sogn og Fjordane, men mens forbrukarane jublar, vedgår selskapa at dei tapar pengar.

Drivstoffkrig i Sunnfjord

KNIVAR: Bensinstasjonane i Førde skular på kvarandre og endrar prisen fleire gonger for dagen etter at byen fekk sin femte bensinstasjon. Biletet viser nokre av prisane onsdag. (montasje)

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Eg fyller diesel fordi det var så billeg, seier Camilla Østerbø.

NRK møter småbarnsmora ved ei av pumpene til den nye, ubemanna Uno X like aust for Førde sentrum.

Camilla Østerbø

LET SEG FREISTE: Camilla Østerbø var blant bilistane som onsdag fylte opp tanken i Førde. – Fordi det var så billeg.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Det var så billeg her. Bror min som bur i Førde sa eg måtte fylle, fortel Jan Åge Rode på tur frå Bergen.

Bileigaren fyller opp taken på en eldre BMW. Med plass til 80 liter hjelper det på at prisen er låg.

– Når ein fyller ein del liter, så blir det fort pengar å tene, konstaterer Rohde.

– Ekstremt billeg, kommenterer ein tredje.

Priskrigen følgjer E39

Den nye automatstasjonen, som er den sjette bensinstasjonen i Førde, har starta ein heftig priskrig som har spreidd seg langt, langt utover i fylket. Følgjer ein E39 nordover ser ein tydeleg ringverknadene av nyetableringa.

Jan Åge Rode

PENGAR SPART: Jan Åge Rode fyller opp tanken før han set kurs tilbake til Bergen.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Vi ser at prisane går ned. Vi skal alltid følge prisane som dei har i Førde. Vi skal vere med, erklærer Tore Karlsen.

Han er dagleg leiar ved Best-stasjonen på Vassenden, Tore Karlsen

24 kilometer vidare langs E39, i andre enden av Jølstravatnet vel Ola Fugle ved Esso Skei å ta forbrukarbrillene på.

– For kundane sin del er dette kjempebra. Ein må berre vere glad på deira vegne.

– Men det er klart, skal ein vere med i konkurransen, så må ein berre følgje prisen. Det er ikkje anna å gjere, konstaterer Fugle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Uno X i Førde

NYKOMMAREN: Denne automatstasjonen til UNO X på Hafstadflata i Førde har ført til priskrig langs E39 frå Sogn til Nordfjord.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Heilt til Sandane, éin time og 20 minutt i bil frå Førde, har dei hengt seg på priskrigen.

– Når det er priskrig i Førde, så spreier den seg heilt opp hit, stadfester Atle Jakobsen ved Best Sandane.

– Det er litt ekstra jobb for oss som må ut og endre prisen 15 gonger for dagen. Men det er fint for kundane, ler glopparen.

Normale prisar i Indre Sogn

Det ser jamvel ut som priskrigen stopper ved Nordfjord og ferjekaia på Anda. I Eid er har stasjonane ikkje kasta seg på priskrigen.

Låge drivstoffprisar

ÅR SIDAN SIST: 567 kroner for drygt 58 liter på diesel på tanken.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Sørover må ein heilt til Sogndal før ein finn ein bensinstasjon som ikkje er med på dansen.

– Eg er veldig usikker på kvifor vi ikkje har sett noko til denne priskrigen. Men det er få stasjonar på ganske lange strekningar. Kanskje har det noko med det å gjere, trur Agnete Aasen på Shell-stasjonen på Stedje i Sogndal.

Pressar seg inn med låge prisar

For nykommaren i Sunnfjord er det ein heilt bevisst taktikk å starte priskrig.

– Strategien vår er å ligge blant dei lågaste heile tida. Dette følgjer gjerne dei andre med på, og det går i ein spiral nedover på pris, seier Lill Hege Rostad som er regionssjef for UNO X automat.

Ho vedgår at priskrigen inneber at stasjonane sel drivstoff med tap.

– Jo, det gjer vi. Men når ein etablerer seg, så må ein ofte vise kvifor ein skal inn i marknaden. Vi ønskjer jo å gi kundane gode priser og riktige priser. Så blir det litt lågt til tider.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Esso på Skei

PRISKRIG OGSÅ HER: Esso på Skei i Jølster følgjer konkurrentane i Førde. Arkivfoto.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Truleg nokre veker

Heller ikkje for konkurrenten Statoil Fuel & Retail er priskrig god butikk på kort sikt. Det handlar meir om å halde på kundane.

– Det som skjer når priskonkurransen blir intensivert, er at dei store selskapa får lågare marginar. Dei fell heilt ned mot tap, innrømmer kommunikasjonsdirektør Pål Heldaas.

Han er klar på at priskrigen ikkje kan vare ved.

– Det er ei utfordring for oss som har stasjonar i nærleiken når det kjem ein automatstasjon. Av pumpeprisen utgjer normalt 60 prosent avgifter. 30 prosent går til å dekke innkjøpsprisen når vi har importert drivstoffet, og rundt 10 prosent er selskapet si del som skal dekke alle kostnader og forteneste. Når priskrigane er såpass intense og går føre seg heile tida, er det ikkje mykje forteneste.

Prisar rundt 10-talet blir neppe ei vedvarande glede. Likevel trur aktørane på tøffare kniving mellom stasjonane.

– Ofte er det slik at det varer nokre veker, før situasjonen normaliserer seg, med ein priskonkurranse som er litt mindre intens enn i startfasen, forklarer Heldaas i Statoil Fuel & Retail.

Bensinstasjonskjedene Best, Esso, Shell, Statoil og Uno X har no alle drivstoffutsal i Førde. I tillegg har Coop Vest eigen pumpestasjon for Best.