Hopp til innhold

No seglar kronprinsen opp i teten

Senterpartiet sitt stjerneskot, Aleksander Øren Heen frå Årdal, ligg no svært godt an til å ta den ettertrakta 2. plassen på partiet si stortingsvalliste.

Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete

VIL HA PLASS: Aleksander Øren Heen (t.h) vil veldig gjerne ha den ettertrakta 2. plassen på stortingsvallista til Senterpartiet. T.v. Liv Signe Navarsete.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er også ei tillitserklæring at mange vil ha meg høgt. Eg er motivert og har veldig lyst på den andreplassen. Eg kjem til å kjempe for det i dei rundane som kjem no, seier Øren Heen til NRK.

I dei innleiande rundane av nominasjonsprosessen i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, har årdølen fått brei støtte frå ei rekkje partilag. 10 av partilaga vil ha den unge sogningen på den viktige 2. plassen på lista.

Kan bli kampvotering

Dei andre aktuelle kandidatane, særleg fylkesordførar Jenny Følling og Sp-veteran Steinar Ness, får også støtte. Men i langt mindre grad enn Aleksander Øren Heen.

Men ingen av dei har så langt signalisert at dei vil gje seg utan sverdslag, og det kan bli eit sjeldan dramatisk nominasjonsmøte i Senterpartiet. Aleksander Øren Heen har ikkje noko imot at det kan bli ei kampvotering om 2. plassen.

– Eg tenkjer at det er sunt for partiet at det er mange som vil. Det er eit teikn på at det er mange flinke folk i Senterpartiet, og det er ein fordel for partiet i andre samanhengar også.

Trur på to mandat

1. plassen til Liv Signe Navarsete er det knapt nok ingen som tvilar på. I alle fall er det ingen som hittil har sagt at dei vil utfordre den svært erfarne politikaren. Sjølv trur Navarsete at partiet kan klare å ta to av Sogn og Fjordane sine mandat under valet neste haust.

– Om vi klarer å gjere ein like god valkamp og like godt val som vi gjorde ved fylkestingsvalet, så kan vi det. Det må verte målsetnaden, og vi har ikkje vore langt unna før heller. Det er innanfor rekkevidde, seier Navarsete.

– Trur du regiondebatten vil påverke valresultatet?

– Det kjem an på kva prosess som blir framover. Det blir ei sak som blir gåande heilt fram til Stortinget seier sitt til våren. Det er ei enormt stor sak som fortener å få ein mykje breiare debatt enn den har fått så langt. Eg håpar at det blir ei av sakene som vi skal debattere, for det fortener saka.