NRK Meny
Normal

No satsar dialektrockaren åleine

OSLO (NRK): Håvard Øyrehagen meiner rockebandet hans TYYL! misbrukte sin store sjanse til å bli store. No håpar han å lukkast med sitt nye soloprosjekt.

Håvard Øyrehagen på Kulturhuset i Oslo

GÅR SOLO: Håvard Øyrehagen er kjent som vokalist i Tyyl! No har han også lyst å starte på sitt eige soloprosjekt.

Foto: Martha Våge / NRK

Det var i 2009 at Håvard Øyrehagen sist stod på scena under By:larm i Oslo.

Fekk strålande omtale

Då var det med bandet sitt TYYL! som hadde fått ein lovande start med rock på dialekt. Bandet fekk strålande omtaler av bransjen, vart henta fram av P3 som veldig lovande og sikra seg ei rekke flotte konsertjobbar. Men etter ei stund vart det ganske stille frå bandet.

Misbrukte sjansen

– Vi hadde muligheita til å kome mykje lengre enn vi gjorde med TYYL! Vi misbrukte nok den sjansen vi fekk. Det har eg ikkje tenkt skal skje denne gongen, seier Håvard Øyrehagen.

Under NRK Lutt si radiosending frå By:larm spelte han for aller første gong ein smakebit frå sitt nye prosjekt som har fått tittelen Øyrehagen.

Håvard Øyrehagen intervjua av Stian Sjursen Takle

STORE AMBISJONAR: Håvard Øyrehagen ønskjer å nå publikum både i inn og utland med sitt soloprosjekt på Sognadialekt. Han trur dialekta er ein styrke i konkurransen om oppmerksomheit. Her vert han intervjua av NRK under Luttkonserten frå Bylarm 2016.

Foto: Martha Våge / NRK

Skal bli rolegare musikk

– Men korleis blir dette prosjektet anleis enn TYYL!?

– Det har eg tenkt mykje på. Vokalen min er jo min signatur. Det er jo eg som syng både i TYYL! og Øyrehagen, og eg eg kan jo ikkje konkurrere mot mitt eige band. Folk må skjønne kva som er kva. For TYYL! kjem og til å halde fram samstundes som eg satsar på mitt eige prosjekt, seier Håvard Øyrehagen.

Musikken i hans nye prosjekt seier han skal bli mykje rolegare, meir popete og meir stemningsfull enn det ein har høyrt frå TYYL!

Dialekta er nødvendig

Det var heller aldri aktuelt å skille dei to banda ved at han syng engelsk som soloartist.

– Nei, det var faktisk aldri aktuelt. Eg har aldri vore konfertabel med å synge på engelsk. Men når eg fekk synge på dialekt, så fann eg meg sjølv som musikar. Når eg skal skrive får eg ikkje uttrykke meg skikkeleg på engelsk, men når eg brukar dialekta mi kjem det berre rennande, fortel Øyrehagen.

Vil satse internasjonalt

Han ønskjer også å sjå utanfor landegrensene for å finne nytt publikum for musikken sin. At det å synge på sognedialekt kan vere bremsekloss i utlandet har han ikkje tru på.

– Eg var på Færøyane for nokre år sidan, og etter kort tid skjønte vi kvarandre ganske godt. Islandske band jo ganske store i Norge, så kvifor ikkje reise til Island og synge på sogning. Det trur eg går veldig bra, avsluttar Øyrehagen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.