NRK Meny
Normal

Framleis har det ikkje kome ein einaste aprikos, men i år har Kari Sigrun trua

Fleire fruktbønder i morellbygda Lærdal er i ferd med å teste ut om dei også kan få til ein ny frukt: aprikos.

Kari Sigrun Lysne

PRØVAR: Kari Sigrun Lysne både håpar og trur ho i framtida kan levere frå seg aprikos dyrka på garden hennar på Ljøsne.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Kari Sigrun Lysne er mellom fruktbøndene som no prøver ut om dei også kan dyrke aprikos i den varme og tørre bygda.

Prøveproduksjonen starta for tre-fire år sidan. Ho ventar framleis på å få ein aprikos å smake på.

– Eg trur kanskje trea må han ein viss alder for å setje frukt. I år bløyter dei, så eg har stor tru i år, humrar Lysne.

Har god erfaring

På garden hennar på Ljøsne står det fleire hundre aprikostre. For det held ikkje med berre eitt eller to når ein skal teste ut om aprikosen trivast i klimaet i Lærdal.

– Det er jo moro å sjå om vi får det til. Får vi det ikkje til, så må vi jo prøve noko anna, seier Lysne.

– Men kvifor trur du at det skal gå?

– No har vi god erfaring med å dyrke morellar, så er det ganske varmt her på sommaren og jordsmonnet er godt. Eg trur vi får det til.

2.000 tre

For lærdølane har fått dreisen på å få morellane til å trivast i bygda. Kvart år leverer bøndene frå seg 200 tonn av frukta.

Harald Blaaflat Mundal

LEIAR: Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

Foto: Kjellrun LAvik / NRK

I håp om å finne ein ny suksess har bøndene sidan 2011 brukt både tid, pengar og store areal på å få i gang produksjonen av det som kan bli eit eksklusivt produkt.

I alt er det sett ut 2.000 aprikostre.

– Vi må alltid utvikle oss for å komme vidare, og så er det moro å prøve nye ting. Der det er morellar kring om i verda, er det ofte også aprikos. Så vi håpar på storskala produksjon som gjer at får volum og får levert det, seier leiar for Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal.

Ventar framleis

Aprikosen trivast godt i varmare strok og det er nok nasjonar langt lenger sør i Europa som er mest kjende for produksjonen. Blaaflat Mundal var med å starte opp prosjektet i Lærdal.

– Av det som vart planta i 2011, var det avling hos ein produsent i fjor. Vi andre ventar tolmodig på at det skal slå til, ler leiaren og vedgår at det er ein del risiko knytt til aprikosdyrking i Norge.

Du har nattefrosten, tidleg bløming og mangel på insekt grunna kulde.

– Heilt på grensa

Han har sjølv hatt tre på garden. Også han ventar spent på ei god avling.

Aprikostre i Lærdal

BLØMER: Aprikostrea til Kari Sigrun Lysne blømer.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Vi har hatt to i årevis som har gitt avling kvart år, men aprikosane er ikkje veldig gode. No er det nye sortar og då satsar vi på at det er tilpassa det norske klima og at vi får gode avlingar av det, seier han.

– Så det er ikkje lett å dyrke aprikos?

– Det er heilt på grensa av det som går an å få til sidan det er så pass kjølig tidleg på våren. Men vi har ei som har bestemt seg for å prøve aprikos i plastikktunnel, og det vil auke sjansane for å lukkast med det.

Morellsuksess

Prøveprosjektet er langt frå billig. Kostnader på tre, oppstøttingar, vatningssystem og eigeninnsatsen gjer at ein snakkar investeringar på nokre hundre tusen kroner.

Men så har ein også mottoet «den som inkje våger, inkje vinnar». Slik lærdølane fekk erfare med morellane.

– Dersom ein ikkje hadde starta med morellar i si tid, som også vart vurdert som marginalt om det ville gå eller ikkje, så hadde ein ikkje hatt morellar i Lærdal. No har vi halvparten av det som blir produsert av morellar i Norge. Vi leverte 200 tonn i fjor, og håpar på meir i fjor, seier Blaaflat Mundal.

Vil ha norsk frukt

Både leiaren i Lærdal Grønt og Lysne trur og håpar at norsk aprikos er noko den norske forbrukaren ynskjer. Dersom dei får det til.

– Mykje av det vi dyrkar i Norge smaker betre enn det ein får kjøpt i utlandet sidan det er sein modning og heilt andre naturgjevne forhold enn sørover i Europa. Vi håper på same effekten som med jordbær og bringebær. Det er ikkje noko som smakar så godt som jordbær og bringebær frå Norge, seier Blaaflat Mundal.

– Men eg hadde håpa på noko eg kunne smakt på, humrar Lysne.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast