Hopp til innhold

No opnar regjeringa for realisering av Atløysambandet

FØRDE (NRK): Regjeringa har bestemt at fylket kan bruke ferjeavløysingsmidlar til å realisere planane om eit fastlandssamband for Atløy.

Ferje til Atløy

KAN BLI ERSTATTA: Ferja til Atløy går i dag frå ferjekaia i Askvoll sentrum. No kan det bli bru.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den gode nyheita for fastbuande på øya i Askvoll kommune, hadde kommunalminister Jan Tore Sanner (H) med seg i bagasjen til Førde tysdag.

– Vi gjer det på den måten at Sogn og Fjordane får behalde dei pengane som ville gått til ferje, så kan dei bruke dei frigjorde midlane til ei bru. Det er bra for innbyggjarane og det er bra for næringslivet, seier Sanner til NRK.

Ferjeavløysingsmidlar er pengane fylkeskommunen uansett ville brukt på ferjedrift, men som no kan frigjerast til å byggje bru eller tunnel.

Fylket må ta det vidare

For Atløy sin del har det vorte stilt spørsmål om denne løysinga kunne brukast, sidan ferja også går til Værlandet. Men statsråden slår fast at den naudsynte ferjeruta til Værlandet ikkje skal kome i konflikt med behovet for å knyte Atløy til fastlandet.

– Dette blir rekna som eit samband, sjølv om det er ferjer som går til ulike stader, så vi måtte finne ei spesiell løysing. Dette blir føreseieleg for Sogn og Fjordane fylke, og det bidreg til at prosjektet kan bli realisert, slår Sanner fast.

Det blir no opp til fylkeskommunen å ta prosjektet vidare, men ferjeavløysingsmidlar er ei viktig brikke for å få dette til.

Glade fjes i Førde

GLADE FJES: Fylkesgruppeleiar Gunhild Berge Stang i Venstre, kommunalminister Jan Tore Sanner (H), ordførar Frida Melvær (H) og stortingsrepresentant Bjørn Hollevik (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Siste brikka på plass

Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, var veldig glad og letta over regjeringa si avgjerd om at Atløysambandet kan bli noko av med ferjeavløysingsmidlar likevel.

– Dette er ei sak vi har jobba for lokalt i veldig mange år. Endeleg kjem det ei løysing som fylkeskommunen kan bruke. Det har vore ein velvilje som eg sjeldan eller aldri har sett før. Dette var den siste brikka som måtte på plass før vi no kan vidare til fylkeskommunen for å få dette realisert. seier Melvær.

Eit ferjefritt samband frå Askvoll til Atløy har tidlegare vore kostnadsrekna til minst ein halv milliard kroner, der ei løysing med bru over Granesundet er den dyraste løysinga. I 2012 var denne brua kostnadsrekna til 886 millionar kroner.