NRK Meny
Normal

Ferdig i belgisk toppklubb – opnar dørene for Førde

Etter ein sesong i belgisk toppvolleyball er Mathias Loftesnes ferdig i Asse-Lennik. No opnar han dørene for ein Førde-retur.

Mathias Loftesnes

OPNAR: Mathias Loftesnes (her i Førde-drakt) og Asse-Lennik vart nummer fire i den heimlege serien og måtte takke for seg i kvartfinalen av Challenge Cup. No opnar Loftesnes for retur til Norge og Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

Belgiarane ynskte sogndølen med seg også til neste sesong, men partane vart ikkje samde om økonomien i ei ny kontrakt.

Dermed er Mathias Loftesnes no på klubbjakt.

– Eg treivst veldig godt der nede og hadde eit godt år med mykje speletid og god utvikling, men når eg tok økonomien i betraktning så vart vi ikkje samde, seier den 24 år gamle kant- og diagonalspelaren.

Opnar for Førde

Mathias Loftesnes

KLUBBJAKT: Mathias Loftesnes er på klubbjakt etter at han ikkje vart samd med Asse-Lennik om fornya kontrakt.

Foto: Asse-Lennik

Før Loftesnes reiste til Belgia, hadde han ein stor sesong med Førde og vart eliteseriens største poengplukkar. Etter ein sesong i Belgia, har han allereie vendt tommelen ned til tilbod frå tysk, tsjekkisk og fransk volleyball.

– Eg har noko som kan vere aktuelt, men vi får sjå korleis det går, seier han og vedgår at Førde er orientert om situasjonen hans.

– Førde er absolutt aktuelle, og den einaste interessante klubben om eg skulle bli i Norge. Det vil ikkje vere noko nedtur å returnere til Førde. Det er ein god klubb, som trenar mykje og dei har ein god trenar og godt apparat rundt, seier Loftesnes.

– De er i dialog?

– Jada, dei er klar over at det er moglegheit. Men det er framleis litt uvisst når eg kjem, og då er det ikkje vits å jobbe 100 prosent mot det. Eg håpar framleis at noko dukkar opp i utlandet.

Fire spelarar ut

– Dessutan har eg høyrt rykte om at Førde misser nokre spelarar, så då er det vel greitt at nokon kjem heim for å passe skuta, humrar han.

Lars Fredrik Tvinde

FERDIG: Lars Fredrik Tvinde er ein av fire spelarar som reiser frå Førde volleyballklubb.

Foto: Rune Fossum / NRK

Klubben mister Bendik Huus (oppleggar), Lars Magnus Kaasa (senter) og Kristian Kjøllesdal (libero), medan Lars Fredrik Tvinde (kant/libro) prøver lukka hos kypriotiske Pafiakos Syllogos Athlopedion.

Også Jonas Kvalen har ynskje om å prøve seg i utlandet igjen.

– Den råaste i Norge

Dagleg leiar i Førde volleyballklubb, Tor Kristian Kvammen, har ikkje noko imot at den 194 centimeter høge diagonalspelaren, med ei rekkevidd på kring 350 centimeter, opnar dørene for retur til norsk eliteserie.

– Døra står open i Førde også, for å seie det slik. Mathias er truleg den råaste angriparen i Norge per no. Han har ein ekstrem fysikk og hoppar høgt, seier Kvammen. Vel vitande om at ting kan skje fort når spelarar skiftar klubb.

– Plutseleg kan det dukke opp eitt tilbod som er godt nok. Men å skaffe jobb til ein kar som Mathias skal vi klare å få til, seier han.

Har ikkje dårleg tid

Loftesnes seier han ikkje har dårleg tid med tanke på å finne ein ny klubb, og at tilbodet må vere rett om han skal hoppe på. Han har agentar som jobbar med å finne ny klubb.

– Men når nærmar seg september bør eg ha funne meg ein klubb. Ein kan spørje Geir Eithun. Han har sjeldan signert noko kontrakt før august, humrar han.

– Eg reiser ikkje ut berre for å reise ut. Eg er glad i volleyball, og reiser eg så er det for å gi alt, spele på eit høgt nivå og utvikle meg. Reiser eg til mindre klubbar, så kan eg fort stagnere. Då er det like greitt å reise tilbake til Førde og gjerne halde fram utdanninga, legg sogndølen til.

– Kva kriterium legg du til grunn for klubbvalet?

– Kriteria er sjølvsagt dei sportslege, kva liga og om dei spelar Europacup. Så er det sjølvsagt økonomi.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå