Tuftegarden ligg i Råheimsdalen på Viksdalen og er ein tradisjonell vestlandsgard med mjølkeproduksjon som den fremste inntektskjelda.
- Vi håpar at mange tar turen for å feire opninga. Garden vil vere open for store og små, med aktivitetar frå 4H-klubbane i Viksdalen og høve til å sjå på hønene, geitene og dei andre dyra på garden, fortel Linda Kristin Oppedal (37) som driv Tuftegarden i lag med mannen Rune Hoff (34).
Gardsliv og friluftsliv
Oppedal og Hoff har i fleire år arbeidd for at Tuftegarden skulle få status som godkjent 4H-gard.
- Vi tykkjer det er så flott her at vi ville dele det med andre. Her kan du oppleve gardslivet, eit rikt friluftsliv og få rekreasjon. Området vi har opna for allmenn ferdsel er rett og slett ein oase, seier Oppedal.
Mange aktivitetar
- Her renn elva stille forbi, det er gode fiskeplassar og gode høve for aktivitetar i båt eller kano. Trea på holmane våre skjermar for innsyn, samtidig som ein har praktfull utsikt utover Lauvavatnet, liene og fjella omkring. Det er fullt mogleg å ta seg fram med barnevogn, og ypparleg for småbarnsforeldre som vil ha ei utflukt, forklarar Oppedal på entusiastisk.
Paret driv heilt ordinær produksjon og garden er ikkje tilrettelagt. Den er heilt autentisk – slik ein bonde er anno 2010.
Opne arrangement
Tuftegarden er allereie ein flittig besøkt gard. Oppedal og Hoff har så langt hatt samarbeid med Barnas Turlag Fosseheimen Gaular og arrangert ”kom deg ut – dag” og ”Nissefest på låven”. Dei har òg arrangert Solfest og Midtsommarfest i ei rekkje år. No satsar dei to bøndene enno sterkare, mellom anna gjennom samarbeid med lokale 4H-klubbar.
- Garden er open for besøk etter avtale. Vi kjem til å annonsere opne arrangement, og kan allereie no seie at det blir ope i påska, seier Oppedal.
Planlegg aktivitetssenter
Oppedal og Hoff jobbar også for å starte opp eit dagaktivitetssenter på garden for heimebuande demente i tidleg fase. Dei har ei stor tregamme under oppføring som venteleg er ferdig til sommaren.
Dei to bøndene har òg inngått ei samarbeidsavtale med grendalaget i Råheimsdalen om drifting av grendahuset. Huset er mellom anna tenkt til arrangement i samband med 4H-gardsdrifta.