Hopp til innhold

Trur dei får opna riksveg 15 igjen i kveld etter det dramatiske skredet

Riksveg 15 langs Skredestranda vert truleg opna att klokka 18.00 i ettermiddag etter det store jordskredet sist fredag.

Skredestranda

KJEMPESKRED: Riksveg 15 ved Skredestranda har vore sperra etter det store jordskredet førre fredag.

Foto: Jan Helge Aalbu / NRK

Statens vegvesen sine entreprenørar har jobba intenst for å bli ferdig med å rydde vekk store mengder jord, stein og tre.

– Vi måtte for det første få vekk rasmassane som dekka vegen. Mykje av dette har vi køyrt til deponi i nærleiken. I tillegg fekk vi avdekka at deler av vegen var skada, det er no fiksa og vi har og laga til att nokre stikkrenner, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Margot Åsebø, til NRK.no.

Trur ikkje det er farleg

Enorme nedbørsmengder førte til det store skredet for snart ei veke sida, men Åsebø reknar med det no skal vere trygt å køyre forbi rasstaden ved Hornindalsvatnet.

– Det skal ikkje vere nokon ytterlegare skredfare no, så får vi vurdere om det blir meir skredfare der til vinteren. Det vil vi be geologane sjå litt nøyare på, slår Åsebø fast.

Åtvara mot ferdsel på vatnet

Skredet førte også til at store mengder tømmer hamna i vatnet, og ei valde å gå ut med åtvaring om å ferdast på Hornindalsvatnet.

– Det kan vere farleg å ferdast med båt på vatnet. Etter skredet som kom ned i Skredestranda, har det kome store mengder drivtømmer til Hornindal. No ligg det langs vasskanten i store delar av sentrumsområdet. Vi er usikre på om alt har drive inn her, eller om det er meir ute på vatnet, sa ordførar Anne-Britt Øen Nygård til NRK.