Hopp til innhold

No skal desse diskutere årdølene sine krav til UDI og asylpolitikken

Med statssekretær i justisdepartementet, Himanshu Gulati (Frp) i spissen, kom i leiinga for UDI i samla tropp til Årdal. Her får dei høyre kvifor kommunen vil ta eit oppgjer med asylpolitikken.

Himanshu Gulati

I SAMLA FLOKK: Statssekretær Himanshu Gulati (t.v.) og leiinga i UDI skal i dag møte leiinga i Årdal kommune.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I Årdal vart delegasjonen møtt av leiinga i Årdal kommune. Dei har i eit brev til UDI sett fram svært klare krav og synspunkt i høve asylpolitikken, etter det tragiske trippeldrapet på Valdresekspressen 5. november.

– Innhaldet i møtet blir retta mot det skrivet som vi sende til UDI den 14. november. Vi ønskjer ein dialog på dei punkta som er nemnt i brevet om krav til asylmottaka og om at kommunane skal ha god tid til å førebu seg før ei avgjerd blir teken, sa rådmann i Årdal, Frank Westad, til NRK før møtet starta.

Han og den politiske leiinga i kommunen er glad for at UDI og statssekretæren i justisdepartementet tok seg tid til å stille på eit møte om temaet på kort varsel.

– Det er viktig å ta det med ein gong dette er varmt, så vi er veldig takksame for at dei møter oss så raskt. No har vi invitert dei inn til ein dialog, så får vi sjå kva det fører til, seier Westad.

I brevet dei har send til UDI legg kommunen fram sju punkt dei meiner må på plass for å sikre ein betre asylpolitikk. Dette er det dei skal diskutere på møtet i Årdal i dag:

  • Betre helseundersøkingar av asylsøkjarar
  • Krav til helsepersonell ved asylmottaka
  • Kommunane må ha tid til å bu seg
  • Søkjarar med avslag må ikkje ut i kommunane
  • Uttransportering må skje samstundes som avslag
  • Kommunane må få innføring i å vere vertskommune
  • Kommunane må kunne seie nei til mottak