Hopp til innhold

No meir enn doblar dei produksjonen

– Vi ventar litt med feiringa, men det er svært gledeleg at regjeringa no vil opne for at gardsprodusentar skal få lov til å selje alkohol, seier siderprodusent Åge Eithungjerde.

Ciderhuset i Balestrand

KLARE TIL Å AUKE PRODUKSJONEN: Ciderhuset satsar på å meir enn doble produksjonen når regjeringa vil opne for gardssal av alkohol.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

I samband med landbruksmessa i Grûne Woche i Berlin slapp landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) i går nyheita om at regjeringa vil sende eit forslag om å legge til rette for alkoholsal direkte frå norske nisjeprodusentar.

– Ei opning for nisjesal vil kunne gi gode og spanande moglegheiter for produktutvikling og innovasjonar i Norge, seier Listhaug.

Dagleg leiar Åge Eithungjerde ved Ciderhuset i Balestrand gler seg over forslaget.

Åge Eithungjerde.

REGJERINGA VIL LA GARDSPRODUSENTAR SELJE ALKOHOL: Åge Eithungjerde er dagleg leiar i Ciderhuset i Balestrand.

Foto: Arne Eithun / NRK

– Det er svært flott at vi er komne så langt at også sosialministeren er med på notane. Det er som regel her er det har streka tidlegare, seier han.

Turistar har blitt skuffa

Fram til no har gardsprosentane hatt lov til å servere turistar smaksprøve, men ikkje selje dei ei flaske om dei skulle ynskje om de skulle ynskje det.

– Det har vore svært pinleg for oss mange gonger. Når vi nordmenn er i utlandet så tenker vi at det er heilt naturleg å få kjøpe med oss ei flaske når vi er innom ein vingard, men når utanlandske turistar kjem til Norge så har vi vore nøydde til å seie nei.

Ciderhuset i Balestrand får endeleg selje sin økologiske cider på Vinmonopolet. Men det er ikkje noko pol i Balestrand, og det er ulovleg å selje drikken til dei som kjem på besøk på tunet.

Eithungjerde seier reaksjonane har vore alt frå latter og hovudristing til folk som har blitt rasande.

– Det har vore dårleg norgesreklame. No vil reiselivet vil få eit meir fullverdig tilbod, med både mat og drikkevarer.

Lang veg fram

No augnar siderprodusenten i Balestrand lys i enden av tunnelen, men vegen fram har vore lang og kronglete. Fleire landbruksministrar har prøvd å opne for gardssal utan å få det til. No er det avklart at når det gjeld eplesider, pæresider og mjød så er det ikkje noko problem i forhold til EØS-avtalen.

– Dette eit kjempelangt steg vidare. På Stortinget har det lenge vore fleirtal for gardssal, seier Eithungjerde.

Meir enn doblar produksjonen

Til våren sender regjeringa forslaget ut på høyring. I Balestrand er Ciderhuset klare.

– I dag produserer vi mellom og 10 000 og 15 000 liter i året. Vi har kjøpt inn fleire tankar og reknar med å meir enn doble produksjonen

– Så du er klar til frisleppet?

– Ja, men cider blir neppe bli noko stort produkt slik sett, eplemost er jo framleis mange gonger større, seier Eithungjerde.