Hopp til innhold

Boris vann – no må Noreg forhandle om fiskemilliardar

Kursen på britiske pund fauk i vêret etter valsigeren til Boris Johnson. No settest framtida til norsk fiskeeksport i spel.

Britain Brexit Election

TORSK OG HYSE: Boris Johnson besøker ein fiskemarknad i Grimsby 9. desember i år. I går sikra han reint fleirtal for det konservative partiet i Underhuset.

Foto: Ben Stansall / AP

Berre hittil i år har britane kjøpt fisk frå Noreg for svimlande 5,7 milliardar kroner. Kjøper du fish and chips på London-turen, er sjansen stor for at fisken er norsk.

Gjennom EU- og EØS-avtalen har Noreg hatt god tilgang til den britiske marknaden, men også til dei verdifulle fiskefelta i Nordsjøen.

No krev både fiskarar og fiskeeksportørar at regjeringa set i gang forhandlingar med britane, så snart som mogleg etter at Storbritannia si utmelding frå EU er eit faktum frå 31. januar.

Fagsjef Kristin Alnes i Sjømat Noreg er tydeleg på at ho forventar at regjeringa no gjer jobben for å sikre den viktige eksportindustrien.

– Slik vi ser det, så har usikkerheita no berre blitt skubba fram eitt år. EU og UK må bli samde om ein permanent handelsavtale. Det er veldig kort tid no, så det kan fort bli slik at ved slutten av neste år kjem i ein ny situasjon der det er stor usikkerheit om handelsvilkåra.

Set i gang forhandlingar

Men fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) meiner at det er meir enn nok tid til å sikre framtida for sjømatnæringa og deira nære forhold til britane sine matvanar.

– Valresultatet skapar ein stabilitet rundt sjømatnæringa, og det gjer det mykje enklare enn om det skulle blitt ein hard brexit, som ville gitt heilt andre utslag, seier Nesvik.

Nesvik meiner overgangsperioden mellom EU og Storbritannia vil sikre at Noreg får tid til å forhandle fram nye og gode avtalar. Førebuingane til forhandlingane er alt i gang.

– Vi har budd oss både på ein hard brexit, eit «no deal-scenario» og ein ordna utgang frå EU. Vi har alt gjort mykje av det grunnarbeidet, og det er ingen grunn til uro, slik eg ser det.

Viktig eksportmarknad

Storbritannia er i dag den femte største marknaden for norsk sjømat, og Sjømat Noreg vonar at ein ny avtale mellom dei to nasjonane vil sikre endå betre tilgang til fiskehungrige britar.

– Men det kjem an på om norske myndigheiter er ambisiøse og legg vekt på å forhandle fram gode vilkår for sjømatnæringa, seier Alnes.

På Stadlandet gjer Ervik Havfiske seg no klar til å døype to splitter nye skip som skal fiske i Barentshavet og Norskehavet – og selje torsk og hyse til England.

– Eg er rimeleg sikker på at dette går bra. Det blir sikkert litt utfordringar no i starten, men no har vi fått ei stadfesting på at brexit skjer. Då er det berre å køyre på for å få ein best mogleg avtale mellom Noreg og UK, seier Stig Ervik.

A Sutton and Sons vegan fish and chips serving is seen in their restaurant in Hackney, London

NORSK I ENGLAND: Fish and chips er ein tilnærma britisk nasjonalrett. Mykje av fisken er norsk.

Foto: Peter Nicholls / Reuters