Hopp til innhold

No må helsevesenet seie nei til dei som vil vaksinere seg mot rabies

Etter at Birgitte Kallestad (24) døydde av rabies har etterspurnaden etter vaksine blitt så høg at helsevesenet må seie nei til dei som spør før dei skal ut å reise.

– For oss som stod nær Birgitte var det å få vaksine viktig. Vi opplevde det som ein tryggleik i den tragiske situasjonen vi stod oppe i, seier Birgitte Kallestad sin sambuar til NRK.

Ho kom frå Sotra, men budde i Førde saman med kjærasten.

Etter at 24 år gamle Birgitte Kallestad døydde av rabies etter ein tur til utlandet tidlegare i år, vart det meldt om ei dobling av vaksinasjon mot rabies samanlikna med året før. No har Folkehelseinstituttet nesten gått tom for vaksinen.

Må prioritere

– Me såg jo det i etterkant av hendinga at det var ei betydeleg auke i etterspurnad, seier overlege Tone Bruun ved Folkehelseinstituttet.

– Saka fekk jo mykje merksemd og det har ført til at folk er meir observante på om dei faktisk er i fare.

Rabiesvaksine på Reiseklinikken

VAKSINE: Fleire ynskjer å vaksinere seg mot rabies.

Foto: Martin Roalsø / NRK

Ho fortel at mangelen på vaksinen no gjer at dei må ta tøffe prioriteringar.

– Dei som reiser til andre land og vil vaksinere seg på førehand, er me nøydd til å seie nei til.

– Unngå nærkontakt

Ho presiserer likevel at dei framleis har vaksine tilgjengeleg om uhellet er ute.

– Me har sett av vaksinar slik at folk som har vorte biten av dyr i land kor det er rabies, vil få vaksine når dei kjem tilbake igjen, seier ho.

Ho seier nye forsendinger vil kome i løpet av nokre veker.

– Så det er snakk om ei lita periode framover no der me må prioritere litt annleis.

Enn så lenge oppfordrar ho dei som skal på tur til rabies-utsette land om å halde ein «fornuftig» avstand til dyr som vere smitta.

– Akkurat no er me først og fremst opptatt av å gje råd om å unngå nærkontakt med dyr, seier ho.

– Må gjere det dei kan

For kjærasten til Birgitte er det viktig at myndigheitene prioriterer å få dette på plass - fortast mogleg.

– Dei må verkeleg gjere det dei kan for å få tak i nok vaksine, seier han.