NRK Meny
Normal

No må du ta på vinterdekka

Dei neste dagane kan det kome snø på fleire av fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet. Skal du høgare enn tusen meter, bør du ha vinterdekk på bilen.

Sognefjellet

DET ER VENTA SNØ: På Sognefjellet og Strynefjellet må ein rekne med snø. På Hemsedalsfjellet kan det også kome nedbør som snø i periodar.

Foto: Webkamerabilete frå Sognefjellet

– Snøgrensa vil ligge på rundt 1200 meter i kveld, og så vil ho bevege seg nedover mot 1000 meter i løpet av dagen i morgon, seier statsmeteorolog Anne Mette Olsen.

Ho fortel at ein må vere førebudd på å møte snø dersom ein har tenkt seg over høge fjellovergangar dei neste dagane, og at det då er lurt å sko seg for det.

– No er det venta byevêr framover. Kjem det tett med byer, så kan det fort leggje seg litt snø i vegbana, så det er noko ein bør tenkje på før ein køyrer opp i høgda.

Fjellovergangar som kan vere snøutsette dei neste dagane er til dømes Sognefjellet, Strynefjellet og Hemsedalsfjellet.

Mykje trafikk i haustferien

Denne veka er det haustferie på Austlandet, og neste veke er det haustferie på Vestlandet. Det tyder at kan bli mykje trafikk mellom aust og vest, og Vegvesenet er klare på at dei støttar meteorologen si tilråding om å skifte dekk på bilen.

– Det er meldt kuldegrader, og ganske mykje nedbør. Ein bør nok ha vinterdekk, seier Kjetil Molvær ved Vegvesenet sin sentral i Lærdal.

Nokre av fjellovergangane ligg heilt på grensa mellom snø og regn dei neste dagane. Molvær meiner likevel ikkje ein bør ta nokre sjansar.

– For å seie det sånn; skal du frå aust til vest i morgon, bør du ha vinterdekk.

Det er også meldt ein god del vind i fjellet i morgon, og det kan bli dårleg sikt. Vegvesenet oppmodar folk om å ta det roleg.

Den første snøen er ofte den glattaste. Det er kanskje litt fordi det er eit halvt år sidan sist ein køyrde på snø. Uansett er det kjekt å ha vinterdekk under slike forhold.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.