Hopp til innhold

Tjuveriraid av dekk: – Lås garasjen og ha på utelys

Politiet åtvarar mot organisert dekktjuveri i haust. Berre i oktober har Vest politidistrikt fått meldingar om 25 tjuveri av dekk og felgar.

Dekktjuvar på Førde Vulk

BRUKTE DEKK: I fjor rulla tjuvar vekk brukte dekk hos Førde Vulk i Førde.

Foto: Førde Vulk

Tjuvar har tatt seg inn i garasjar, buer, loft og kjellarar på jakt etter tjuvegods. Ut av dørene rullar tjuvane dekk for tusenvis av kroner.

– Mange tjuveri har skjedd i området rundt Bergen, men også andre stadar i Hordaland, noko som kan tyde på at det er mobile vinningskriminelle, skriv Politiets nettpatrulje Vest på Facebook.

Tjuvane er på flyttefot, noko som gjer at du bør sjekke om dekka dine framleis er der du lagra dei sist.

Torsdag vart to menn pågripne og varetektsfengsla i Bergen. Likevel oppmodar Vest politidistrikt alle til å halde eit ekstra auge med både felgar og dekk.

– Lås garasjen din eller ha på eit utelys, seier Rune Fimreite, fagleiar i Politiets nettpatrulje.

Rulla vekk dekk

Dekkforhandlar Førde Vulk fekk oppleve tjuvar som forsynte med seg dekk for tusenvis av kroner rett før årsskiftet. Dagleg leiar har klare råd til dei som vil sleppe unna dekktjuvar.

– Mange har lagra dekka godt synlege i garasjane sine. Det er kjapt gjort å få med seg eit dekk eller fleire, så folk gjer lurt i å låse dei inne, seier Ståle Kvammen.

Over 20 lastebildekk blei rulla vekk midt på natta. Verksemda i Førde har gjort fleire tiltak for at det same ikkje skal skje igjen.

– Vi har blant anna gjerda inne ein del av uteområdet vårt, seier Kvammen.

Ståle Kvammen er nøgd med at sesongen er i gong.

DYRT: Dekktjuveri kosta Førde Vulk og dagleg leiar Ståle Kvammen dyrt i desember i fjor.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Sjå på prisen

Vi er inne i ei av dei travlaste tidene for dekkbyte. Skal du kjøpe deg nye dekk, så bør du halde deg unna useriøse seljarar, åtvarar politiet.

– Ver spesielt merksam viss prisane på slike varer eller tenester er mykje billigare enn det som er vanleg, skriv politiet på Facebook.

Dei har klare tips til deg som skal kjøpe nye dekk.

– Be alltid om kvittering og betal gjerne med bankkort, då dette gjer det vanskelegare å drive med svart arbeid.