Hopp til innhold

No må du belage deg på venting

Det vert stor aktivitet på vegane i Sogn og Fjordane den komande veka. Her får du oversikta over kvar det skal utførast vegarbeid.

Asfaltering

VENTING: Vegvesenet fortel at det vert mykje vegarbeid rundt omkring i fylket den komande tida og at det dermed kan bli snakk om ein del venting for å få kome fram dit du skal.

Foto: Hans H. Bjørstad

– Eg vil råde folk til å ta ein tur innom nettsida til Vegvesenet og sjekke stoda på vegane før dei tek laust den komande tida, seier trafikkoperatør på Vegtrafikksentralen, Kjetil Molvær.

Han fortel at det er ganske mykje som skal gjerast på vegane no framover.

– Tilfeldigvis så er det både rutinekontrollar på tunnelar og ein del vegarbeid rundt om i fylket den komande veka, seier Molvær.

Han fortel at det vert utført rutinekontrollar på tunnelar kring kvart femte eller sjette år og at Vegvesenet no er ute på ei slik sjekkrunde. Og dette kan føre til at det vert litt ventetid for trafikantar.

LISTE OVER STADAR DER DET KAN BLI VENTING:

Midlertidig stengt:

  • Ev 39 Hjelle – Nor, på strekninga Nordfjordeid – Volda: Stengt for køyretøy med bredde større enn 3,5 meter.
  • Fv 60 Utvik, på strekningen Byrkjelo – Stryn, Stengt på grunn av vegarbeid.
  • Fv 211 Vollmyrane – Gjesthaug på strekninga Sogndal – Skredebotn

Redusert framkomst:

  • Ev 16 Trengereid – Gudvangen, på strekningen Bergen (Vågsbotn) – Jessheim
  • Ev 39 Halbrendslia, på strekningen Bergen (Nygårdstangen) – Førde
  • Rv 15 Krokabergettunnelen – Krokeberget, på strekningen Måløy – Nordfjordeid
  • Fv 53 Midnestunnelen – Steiggjetunnelen, på strekningen Fodnes – Årdal
  • Fv 53 Naustbukttunnelen – Bermåltunnelen, på strekningen Fodnes – Årdal
  • Fv 55 Kvernhaugtunnelen, på strekningen Vadheim – Dragsvik
  • Fv 57 Nese – Rutledal ferjekai, på strekningen Sløvåg (Hordaland grense) – Rutledal
  • Fv 303 Seimsdaltunnelen, på strekningen Årdalstangen – Seimsdalen
  • Fv 337 Langanestunnelen, på strekningen Hafslo – Veitastrand

For meir informasjon: Sjekk vegvesen.no