Hopp til innhold

No må alle ungane under lusekammen

FØRDE (NRK): Den kløande hovudlusa er blitt eit så stort problem blant barn og elevar at Førde kommune har sett i verk ein ekstra luseaksjon. Denne veka skal alle ungane sjekkast.

Hodelus

DESSE KAN BU I HÅRET TIL BARNET DITT: Både barn og vaksne kan få hovudlus, men det er mest vanleg blant barn i barneskulealder.

Foto: Wikimedia/Gilles San Martin

Helsesøster Wibeke Bruland

HÅPAR ALLE FORELDRE TEK ANSVAR: Wibeke Bruland er helsesøster, og det er ho som har teke initiativ til den ekstra lusesjekken denne veka.

Foto: Privat

Fleire gonger i året vert det sett i gang landsomfattande kampanjar på skular og barnehagar for å bli kvitt lusa.

Men i år har lærarane i Førde rapportert om så hyppige tilfelle av dette plagsame insektet, at dei må ta eit ekstra tak.

For medan problemet tidlegare var aukande ved skulestart, strekkjer luseperioden seg no gjennom heile året.

– Det er ofte ein eller annan som ikkje har klart å bli heilt kvitt lusa, og så smittar dei andre rundt seg. Slik har ein det gåande, seier helsesøster Wenche Bruland i Førde.

Alle må sjekke ungane sine

På Flatene skule i Førde går det 250 elevar frå første til og med fjerde klassetrinn. Der har lærarane snakka med alle elevane om luseproblemet.

Dei har også sendt ut brev til alle foreldre.

– Vi ber om at alle foreldre sjekkar ungane sine i løpet av denne veka slik at vi blir kvitt den, seier assisterande rektor Alvhild Flatjord.

Kjempar mot lusa

JOBBAR MOT LUSA: Alle ungar i Førde blir bedne om å sjekke seg for lus denne veka. Elevane Kaja Valle Neset og Madeleine Skauge er med på aksjonen saman med assisterande rektor Alvhild Flatjord ved Flatene skule i Førde.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Fjerdeklassingane Kaja Valle Neset og Madeleine Skauge sit i elevrådet ved skulen.

Skauge har sjølv opplevd å få lus i håret.

– Det var ekkelt og klødde, seier ho og fortel at dei brukte lusekam for å bli kvitt lusene.

Kan krype frå hovud til hovud

Skulen oppmodar også elevar å unngå å sove i same seng om dei er på overnattingsbesøk. Då kan lusa nemleg lett smitte over.

Alle som har hår på hovudet kan bli smitta av hovudlusa. Helsesøster Wenche Bruland fortel at hovudlusa smittar ganske lett, men det må vere hårkontakt for at lusa skal overførast.

Den klare oppmodinga frå helsesøster og assisterande rektor er at foreldre nyttar dei næraste dagane til å sjekke ungane sine.