Hopp til innhold

No lovar Widerøe å skjerpe seg

Den siste månaden har Widerøe-passasjerar som reiser frå Sogn og Fjordane måtte tole mange avlyste flygingar og forseinkingar. No lovar flyselskapet at dei skal skjerpe seg.

Richard Kongsteien og eit Dash 8-fly frå Widerøe

BETRING I SIKTE: Det meiner Richard Kongsteien som er kommunikasjonsdirektør i Widerøe. Den siste månaden har flyplassasjerane som reiser frå Sogn og Fjordane måtte smørje seg med mykje tolmod.

Foto: Montasje: Picasa 2.7/Widerøe

Oktober har vore ein månad med mykje kluss for flypassasjerane som reiser frå fjordfylket. Dårleg vêr og tekniske problem har ført til mange kansellerte flygingar og forseinkingar på alle dei fire flyplassane.

Widerøe marknadsfører seg sjølv som det mest punktlege flyselskapet i Europa, men spør ein passasjerane er det ein del som ikkje vil seie seg samde i den karakteristikken nett no.

Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien vedgår at dei har noko å jobbe med.

– Vi kan ikkje kvile på det vi har prestert, det er tida framover som tel. Kvar einaste kansellering er eit nederlag, og vi er ikkje nøgde når vi må gjere det, seier han til NRK.no.

Verst på Sandane

Mange flypassasjerar murrar over kansellerte fly, forseinkingar og omdirigeringar. Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe vedgår at drifta av selskapet i oktober ikkje akkurat har gått knirkefritt.

– Både overgangen frå haust til vinter, utbygginga av Gardermoen, pluss det at vi framleis ikkje har den største kapasiteten på reservefly har gjort til at det har blitt ein del forseinkingar og kanselleringar i oktober, fortel Kongsteien til NRK.no.

Det er Sandane lufthamn som har prosentvis flest kansellerte fly, i oktober vart åtte prosent av flygingane avlyste.

– Sandane lufthamn er utsett til enkelte tider både på grunn av avgrensingar på sikt og vind. Nettopp overgangen frå haust til vinter er ein periode som kan vere krevjande, seier Kongsteien.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anda

STENGD: Over 60 prosent av kanselleringane ved Sandane lufthamn skuldast vêrtilhøve opplyser Widerøe. I fjor haust såg det slik ut på rullebana då samferdsleministeren skulle opne den nye rullebana.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Slit med å få teknikarar på plass

På Sogndal lufthamn vart nesten sju prosent av flygingane innstilte, medan Førde lufthamn hadde nesten seks prosent kansellerte flygingar. Best i klassen er Florø lufthamn med berre 2,2 prosent kansellerte fly.

Lufthamnsjefen ved flyplassen i Førde, Kjell Otto Gjesdal, har fått ein god del reaksjonar frå misnøgde flypassasjerar, i tillegg er det misnøye med at Widerøe endrar på avgangstidene sine.

I Florø og Førde er det tekniske problem som har vore den hyppigaste årsaka til at flyet ikkje har gått.

– Det er vanskeleg å setje fingeren på ei hovudårsak, men det handlar ofte om småfeil på flya, som at eit lampe lyser og at ting må resetjast, forklarar Kongsteien.

– Utfordringa er å få teknikar på plass for å få undersøkt flyet før vi kan sende det av garde.

Sjå den fulle oversikta nedst i saka.

Trur det er betring i sikte

I tillegg til dei mange kansellerte flygingane har det ved alle dei fire flyplassane vore mange forseinkingar. No trur Kongsteien at dei iallfall skal få ned talet på kanselleringar som skjer på grunn av tekniske problem.

– No har vi fått opp tekniske vedlikehald i Florø, og det kjem til å betre den tekniske regulariteten betydeleg for Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flyplassane i Sogn og Fjordane

FORSEINKINGAR: På alle dei fire flyplassane har passasjerane denne månaden vore råka av forseinkingar. I Førde var til dømes nesten 20 prosent av avgangane forseinka meir enn 15 minutt.

Foto: Fotomontasje

Passasjerar får ikkje vere med

I det siste har og mange passasjerar opplevd å ikkje få vere med på flyginga dei hadde billett til fordi Widerøe hadde overbooka. Richard Kongsteien seier dette er eit problem for fleire flyselskap.

– I gjennomsnitt er det mellom fem og ti prosent av passasjerane som ikkje møter opp til avgangane, difor blir det av og til overbooka. Når alle med billett møter opp blir det for mange passasjerar, og då må vi prøve å booke dei som er overtalige over på andre fly.

– Dei som blir utsette for dette får ein kompensasjon i form av mat, evt. hotellopphald og eit kontantbeløp.

Widerøe – kanselleringar og forseinkingar frå 1.10. til no:

Førde lufthamn Bringeland:

10 av 172 flygingar kansellerte (5,8%). Årsak: Vêrtilhøve 5 (50%), tekniske årsaker 5 (50%).
30 avgangar (18,5%) var meir enn 15 minutt forseinka
28 landingar (17,3%) var meir enn 15 minutt forseinka. (77,3% pga. forseinkingar andre stader)

Florø lufthamn:

6 av 276 flygingar kansellerte (2,2%) Årsak: 100% tekniske årsaker.
40 avgangar (14,8%) var meir enn 15 minutt forseinka
38 landingar (14,1%) var meir enn 15 minutt forseinka (82,1% pga. forseinkingar andre stader)

Sandane lufthamn Anda:

8 av 99 flygingar kansellerte (8,1%) Årsak: Vêrtilhøve: 5 (62,5%), tekniske årsaker 2 (25%) operasjonelle 1(12,5%)
13 avgangar (14,3%) var meir enn 15 minutt forseinka
12 landingar (13,2%) var meir enn 15 minutt forseinka (79,7% pga. forseinkingar andre stader)

Sogndal lufthamn Haukåsen:

15 av 217 flygingar kansellerte (6,9%) Årsak: Tekniske årsaker 9 (60%), vêrtilhøve 3 (20%), mannskapsmangel 2 (13,3%)
35 avgangar (17,3%) var meir enn 15 minutt forseinka
39 landingar (19,3%) var meir enn 15 minutt forseinka (76,7% pga. forseinkingar andre stader).