Hopp til innhold

No leiar Florø 2. divisjon

Med tre 3–1 siger over Grorud heime i kystbyen søndag toppar Florø tabellen i 2. divisjon. No byrjar florøværingane å snakke om 1. divisjon.

Kristoffer Ryland

STARTA SCORINGSFESTEN: Kristoffer Ryland som denne veka først vart teken ut til U19-landslag, for derimot å få beskjed om at han vart teken ut for seint, sette inn 1–0 mot Grorud søndag. Arkivfoto

Foto: TRULS KLEIVEN

– Vi veit at vårt beste nivå er bra. I dag er vi der i periodar, og det var nok, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Frykta prega spelarar etter Molde-kampen

Fem dagar etter cupfesten der Florø heldt eliteserieleiaren til heiderleg 1-2-tap med to annullerte mål, var det unge, nyopprykka Florø-laget søndag tilbake i kvardagen i 2. divisjon.

Om lag 700 tilskodarar benka seg for å sjå heimelaget som før kampen berre låg eitt poeng bak serieleiar Vidar får Stavanger.

Terje Rognsø

ROSAR LAGANDA: Florø-trenar Terje Rogsnø er imponert over sitt unge mannskap.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eg frykta alt fokuset og merksemda rundt Molde-kampen i cupen tidlegare i veka skulle prege spelarane. Det har vore mykje merksemd og virrak både frå media og folk elles. Vi har ikkje fått trent normalt, seier Rognsø.

Fjerde straffebom på rad

Men trenaren si frykt før kampen skule vise seg å vere ugrunna.

29 minutt var spelte då U19-aktuelle Kristoffer Ryland sende Florø i føringa med 1-0, godt assistert av Stefan Aase på midtbana. Då hadde Florø sett inn eit storløp mot Oslo-laget, skriv Firda i si direkteoppdatering frå kampen.

1–0 vart også stillinga til pause. 67 minutt var spelt når nemnde Ryland var på veg gjennom og vart lag ned inne i feltet, og dommaren peikte på straffemerket. Den makta ikkje Kristoffer Valsvik å setje i mål, og for fjerde gong på rad denne sesongen fekk FSK ingenting ut av ei straffe.

Heimelaget gav seg likevel ikkje og 10 minutt seinare var det som om den kjende ketch-up-effekten kom til Florø stadion. Først sette Halvor Solheim-Olsen inn 2-0, før han berre to minutt etter la på til 3–0. Kort tid etter fastsette Grorud sin Henning Bunæs sluttresultatet med eit trøystemål til bortelaget og 3–1 i målprotokollen.

– Mange snakkar om 1. divisjon

– Grorud var betre enn mange av dei andre laga vi har spelt mot i år, meiner Florø-trenaren som no tek pinsehelg på toppen av 2. divisjon.

Samstundes har det bryte ut fotballfeber i Florø.

Halvor Solheim Olsen

SCORA TO: Halvor Solheim-Olsen. Arkivfoto.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Det er mange i Florø som no snakkar om 1. divisjon no. Sjølv ser eg lite på tabellen. Vi veit ikkje kva hausten bringar, og vi veit ikkje kva spelarar vi har med vidare. Men i dag viste dei at dei presterer, trass all merksemda, seier den nøkterne trenaren som rosar den kollektive laginnsatsen.

Han vil førebels ikkje meine så mykje om kor langt det unge juniorprega laget kan nå.

– No er fokuset neste kamp borte mot Fyllingsdalen. Det blir eit toppoppgjer, det er det eg tenkjer på, seier Rognsø.

Florø står med 17 poeng etter åtte spelte kampar i 2. divisjon, avd. 3. Laget har spelt seg til fem sigrar, to uavgjorte og eitt tap.

Fylket sitt andre 2. divisjonslag, Førde, ligg i skrivande stund på niandeplass med sju spelte kampar. Førde moter Brann 2 i Bergen førstkommande tysdag.