For med ein ny storm som slår inn over Vestlandet fredag, ser det ikkje lovande ut for opning av Vikafjellet før over helga. I beste fall kan det bli opna for kolonnekøyring, ifølgje Vegtrafikksentralen.
Dermed risikerer Vik kommune, som allereie har vore utan fjellovergangen sidan veslejulafta, å vere isolert på nattestid også gjennom helga.
- LES OGSÅ:
– Det er klart at det ikkje er noko kjekt for ein heil kommune å vere innestengd på ein slik måte. Vi har kun ferjesambandet på dagtid, elles er vi totalt innestengde, seier ordførar Marta Finden Halset.
– Kan ikkje halde fram
Ho skryt over jobben brøytemannskapet gjer, men det er likevel ikkje nok.
– Dei gjer alt dei kan, men mot vêrgudane kjempar sjølv brøytemannskapet forgjeves. Når vêret er slik det er no er det til det beste at vegen er stengd.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Dette er langt frå første gong at Vikafjellet er stengt over ein lengre periode, men no har ordføraren fått nok.
– Vi er vande med det her i Vik at fjellet er mykje stengt i slike vêrperiodar som dette, men slik kan det ikkje halde fram.
– Det er i slike vêrperiodar vi ser kor viktig det er å få ein tunnel gjennom Vikafjellet, slik at vi har eit stabilt vegsamband og kan kome inn på aust-vest-sambandet. Den kampen vil vi kjempe heilt fram til tunnelen er på plass, seier ordføraren.
Forventar tunnelbygging
Framleis lever håpet om ein tunnel gjennom fjellet. I Nasjonal Transportplan ligg tunnelen i siste planperiode, men dersom den nye regjeringa held valløftet vil den bli løfta fram.
– Eg må seie at eg reknar med at den regjeringa som no har kome til makta vil halde valløftet sitt. Dei lovde at dei skulle få tunnelen fram til første periode i Nasjonal Transportplan. Eg har tillit til at dei vil gjere det, seier Finden Halset.
Dette trass i at statssekretær Bård Hoksrud (Frp) fort kort tid sidan vedgjekk at det blir krevjande å halda valløftet sitt om at Vikafjellstunnelen skal få byggjestart i 2015, slik han sa under valkampen.
- LES OGSÅ:
Vik-ordføraren meiner uansett det no er på høg tid at ein tunnel gjennom Vikafjellet vert prioritert.
– At innbyggarane no snart skal få ta del av dei velferdsordningane som resten av samfunnet har, det vil seie eit stabil vegsamband, det er ikkje meir enn å kunne forvente.