Hopp til innhold

Kritiserer Møre og Romsdal for å ville stå åleine som region

BERGEN (NRK): Møre og Romsdal får ei breiside av det sjeldne når dei ikkje vil vere med i eitt vestlandsfylke. – Historielaust og kunnskapslaust, svarar fylkesordførar Jon Aasen.

Fylkesutvala i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal samla til møte i Bergen.

SAMLA: Fylkesordførar Jenny Følling (t.v.) støttar Nordfjordrådet i ynsket om å få Sunnmøre med seg i Vestlandsfylket. Samstundes forstår Følling Nordfjordrådet som ynskjer Sunnmøre med inn i eit Vestlandsfylke. – Næringslivet heng tett saman, det er eitt bu- og arbeidsområde og dei har mykje næringsaktivitet som samhandlar, seier ho.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nabofylket i nord er det einaste av vestlandsfylka som ikkje har delteke på storsamlinga i Bergen.

Her har fylkesutvala i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland blitt betre kjent og staka kursen vidare regionsamanslåingsprosessen på Vestlandet. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland rettar ein peikande finger mot fråverande Møre og Romsdal.

– Når arbeidsplassar og nye oppgåver skal fordelast, så ventar eg at vi som faktisk jobbar oss halvt i hel for å få dette til, får valuta for pengane, seier ho.

Avviser kritikken

– Eg finn meg ikkje i at vi skal gjere jobben og at dei skal prioriterast i stor grad. Regjeringa har sagt; finn saman og løys oppgåvene, så skal de bli høyrde. Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal bli høyrde om vi finn saman i ein intensjonsavtale. Så ynskjer eg Møre og Romsdal all lykke til, legg Hestetun til.

Jon Aasen

AVVISER: Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, avfeiar all kritikk frå kollegaene i Hordaland og Sogn og Fjordane. – Dei som trur at ein får så mange oppgåver fordi ein slår seg saman, dei kjenner historia til den norske regjering veldig dårleg, legg han til.

Foto: Trond Vestre / NRK

For fylkespolitikarane i Møre og Romsdal har bestemt at fylket skal gå samla – og åleine – inn i framtida.

– Alle andre alternativ vil dele Møre og Romsdal. Det ynskjer vi ikkje å gjere, svarar fylkesordførar Jon Aasen (Ap).

Fryktar splitting

– Alle veit at dersom Møre og Romsdal skal vere med i ein vestlandsregion, så må vi med opne auge dele eit fylke som har all moglegheit for å gå åleine gjennom regionreformen. Du vil nok få med deg Sunnmøre sørover, men aldri Romsdal og Nordmøre, legg Aasen til.

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal

KREV VALUTA: Fylkesordførarane Jenny Følling (t.v.), Anne Gine Hestetun og Solveig Ege Tengesdal håpar Regjeringa gir Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland valuta for pengane når arbeidet med regionreformen skal premierast.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane fryktar at Regjeringa kan gi Møre og Romsdal delar av Sogn og Fjordane i premie – sjølv om dei står utanfor Vestlandsfylket.

Grete Ellingsen

ENGASJEMENT: Statssekretær Grete Ellingsen (H) likar entusiasmen og engasjementet til fylkesordføraren i Hordaland. Ho vil likevel ikkje kommentere fylke som vil stå åleine. – Men alle fylke skal gå i dialog med sine naboar, og dei skal komme med sine tilbakemeldingar. Det er eit minimum, seier ho.

Foto: Øystein Nygård / NRK

– Vi er opptekne av at Sogn og Fjordane står samla. Vi har samtalar sør for oss, men døra står også open nordover. Vi går dit vi får dei beste avtalane, og der vi har moglegheit til å vinne fram med å få nye arbeidsplassar, seier Følling.

Vil ikkje bli større

– Vi kjem i alle fall ikkje til å ta med oss nordfjordkommunar inn i Møre og Romsdal for å ta eit jafs nedover i Sogn og Fjordane. Det vil berre skape uro i Møre og Romsdal, så det er uaktuelt, svarar Aasen.

Han er også skuffa over at Følling gir uttrykk for at Møre og Romsdal ikkje har respondert på invitasjonen til å bli med i eitt Vestlandsfylke.

Fylkesutvala i Rogaland, Møre og Romsdal og Hordaland samla i Bergen.

SAMLA: Fylkesutvala i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland har i dag vore samla for å stake kursen vidare for eit vestlandsfylke.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har hatt nabosamtale med Sogn og Fjordane. På Nordfjordeid presenterte vi vårt vedtak i fylkestinget, som seier at vi ynskjer å gå ut av reforma som eige fylke.