Hopp til innhold

No kranglar dei om klagefristen på den omstridde eigedomsskatten

Ordføraren viser til lova og vil ikkje flytte klagefristen på den omstridde eigedomsskatten. Sogndal Høgre fryktar forskjellsbehandling og enormt med unødvendig papirarbeid.

Karin Vikane (H), Arne Glenn Flåten (H) og Christen Knagenhjelm (V) på formannskapsmøte

VIL FLYTTE KLAGEFRIST: Karin Vikane (H) vil få flytta klagefristen i den omstridde saka som eigedomsskatt i Sogndal. Her saman med Arne Glenn Flåten (H) og Christen Knagenhjelm (V) under formannskapsmøte der saka vart diskutert.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg hadde ønskt at folk skulle sleppe å gå inn i påska med uvissa rundt denne saka hengande over seg. Å flytte klagefristen fram ville ha hjelpt, seier gruppeleiar i Sogndal Høgre, Karin Vikane.

Må klage innan 14. april

Bråket rundt den nye takseringa av 1139 hus og næringsbygg i Sogndal ser ikkje ut til å ha nokon ende med det første. Sinna er sett i kok i kommunen etter at mange gardshus, hytter og næringsbygg har fått mykje høgare eigedomsskatt enn før.

Før helga vedgjekk formannskapet at verdisetjinga av bygga har vore kritikkverdig. I vedtaket bad dei den sakkunnige nemnda (takstnemnda) om å gå gjennom og vurdere takstane på ny. Dei fremste politikarane bad også om at det vart sendt ut kreditnota på alle utsende faktura som gjeld eigedomsskatt (sjå faktaboks under).

I informasjonsskrivet om vedtaket på Sogndal kommune sine heimesider står det til slutt:

Formannskapet sitt vedtak påverkar ikkje den retten grunneigar har til å klage på den utskrivne eigedomstakst. Innbyggjarar som vil klage på taksten må sende klage innan fristen 14. april.

Dette meiner gruppeleiar Karin Vikane i Sogndal Høgre at blir heilt feil.

– Det er ikkje no innbyggjarane burde klage, seier ho.

Folkemøte Sogndal

STORT ENGASJEMENT: På eit folkemøte sist veke fekk både ordførar, kommuneleiing og takstselskapet kritiske spørsmål frå dei mange frammøtte innbyggjarane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Meirarbeid og skeivbehandling

Ho viser til at takstnemnda er blitt beden om å gå gjennom og vurdere takstane og at det såleis vil bli skrivne ut nye krav. Først når desse er sende ut bør innbyggjarane sende inn eventuelle klager.

– Om innbyggjarane då framleis er usamde i eigedomsskatten, så klagar dei, seier ho.

– Men om mange gjer som det står på nettsida og klagar inn fristen 14. april, kva er problematisk med det?

– Det vil forårsake mykje meirarbeid for dei tilsette i kommunen som skal ta imot klagene og for dei politikarvalde medlemmene i takstnemndene som skal behandle klagene som kjem inn, seier ho.

I tillegg fryktar ho at det vil bli eit skilje mellom dei som sender inn klage og dei som ikkje gjer det.

– Det er ikkje alle som har like gode føresetnader for å klage og dermed kanskje ikkje klagar. Det vil forårsake ei skeivbehandling og det er ikkje rettferdig, seier Vikane.

Jostein Aanestad

KLAGERETT: Jostein Aanestad (lengst til venstre) seier dei ikkje kan ta frå innbyggjarane retten til å klage.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Den retten kan vi ikkje ta frå dei

Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, seier dei ikkje kan ta frå innbyggjarane retten til å klage. Med dette som grunnlag blir klagefristen som vart sett til 14. april ståande.

– Når det er gjort eit vedtak om takst, så har alle innbyggjarane rett til å klage på vedtaket. Den retten kan vi ikkje ta frå dei, seier Aanestad.

– Viss ein får ein situasjon der mange får nye takstar, og skal sende inn endå ei klage, blir det ikkje mykje arbeid?

– Det kan bli arbeid for administrasjonen, men det er vi budde på. Klagerettane som innbyggjarane har må vi sikre at blir varetekne, seier rådmannen.

– Vi må gjere ting rett

Ordførar Jarle Aarvoll frå Arbeidarpartiet understrekar at det ikkje berre vil vere dei som klagar som skal få gjennomgått sine saker på ny. Han er samtidig svært oppteken av at spelereglane blir følgt i denne saka.

– Vi skal passe oss litt for jusen i dette og eigedomsskattelova, og at vi gjer ting slik det skal gjerast med tanke på mellom anna desse fristane.

– Eg er oppteken av ei rettferdig behandling, men vi må gjere ting rett, slik at vi ikkje kjem i ein situasjon der vi ikkje har grunnlag for å skrive ut eigedomsskatt. Den er med å finansiere mange av velferdsgoda, seier ordføraren.

Han understrekar at formannskapet ikkje kan overstyre takstnemnda.

– Når det blir så mange av klagene som vil bli vurdert på nytt, så er det ikkje urimeleg å stille spørsmål om ein bør sjå vekk frå klagefristen som ligg føre, og setje ny klagefrist. Men då forskotterer ein eit vedtak i den sakkunnige takstnemnda. Eg er trygg på at det blir eit godt vedtak der, og då skal dei på sjølvstendig grunnlag ta stilling til klagefristen, seier Aarvoll.

Jarle Aarvoll og Laura Kvamme

MÅ GJERE DET RETT: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap) seier dei må sikre seg at dei gjer ting rett i denne saka. I verste fall kan kommunen bli ståande i ein situasjon der dei ikkje kan krevje inn eigedomsskatt for 2016, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skal møtast etter påske

Karin Vikane i Sogndal Høgre kjøper ikkje ordføraren si forklaring.

– Klagefristen kan med fordel utsetjast til nemnda har gjort ferdig sitt arbeid, det påverkar ikkje innkrevjinga av eigedomsskatten, seier ho.

Ho seier partiet vil jobbe vidare med saka med mål om å få flytta klagefristen.

Leiar i takstnemnda i Sogndal kommune, Odd Urdal Bjelle, seier nemnda skal møtast rett over påske for å diskutere dei henvendingane dei har fått. Han kan ikkje kommentere problemstillinga rundt klagefristen på noverande tidspunkt.