Hopp til innhold

No knivar Erna og Jonas om Vestlandet

MÅLØY/KALVÅG (NRK): I dag var statsministeren på vestlandsturne langs kysten, same dag annonserer Jonas Gahr Støre at Ap skal satse meir på Vestlandet.

erna Solberg tek hurtigbåt, Erna Solberg klapper Lundehund

– Vi skal brette opp erma og jobbe hardt. No må vi vise folk kva vi har fått til dei siste fire åra, seier Erna Solberg.

I dag har ho køyrd båt langs kysten av Sogn og Fjordane og prata med partifolk og vellukka bedrifter. Bodskapen hennar har vore at det no går betre på vestlandskysten.

– Reiselivsnæringa går bra, og havbruksnæringa går bra. Næringslivet har vore dyktige til å omstille seg, og vi har lukkast i å stimulere til vekst med målretta tiltak, seier Solberg.

Har mista vestlandsmandat

Om ein ser på meiningsmålingane, kan ein kanskje forstå kvifor statsministeren vel å vise seg fram på Vestlandet. Høgre ligg an til å miste to mandat i Hordaland og eitt i Sogn og Fjordane, samanlikna med valet for fire år sidan.

– Men om ein går åtte år tilbake i tid, så ligg vi ganske bra an. Likevel trur eg vi kan klare å løfte oss inn mot valet. No begynner folk å sjå at nokre av dei endringane vi har gjennomført fører til betre tenester.

Erna Solberg

PÅ FRIARFERD: Erna Solberg har brukt tysdagen på friarferd til veljarane langs kysten av Sogn og Fjordane.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Les også: Støre innrømmer at Ap ikkje har gjort nok for Vestlandet

– Skapar ikkje nok jobbar

Men også Arbeidarpartiet varslar i dag at dei set inn støyten på Vestlandet. Og Jonas Gahr Støre meiner at regjeringa ikkje har gjort nok.

– Eg var på Vestlandet i går. Nokon bedrifter går det bra med, men gjennomgangstemaet er at det blir ikkje skapt nok jobbar, seier Støre.

Jonas Gahr Støre i vandrehallen på Stortinget

PÅ VELJAR-JAKT: Jonas Gahr Støre tek sikte på å auke oppslutninga på Vestlandet til hausten.

Foto: Astrid Randen / NRK

Han meiner regjeringa sin politikk ikkje har verka og at arbeidsløysa går opp. Sjølv om det går bra både i fiskerinæringa og reiselivsnæringa, ifølge statsministeren.

– Vi svartmålar ikkje, men det blir skapt for få arbeidsplassar, og regjeringa sin politikk fører ikkje til fleire, seier han.