NRK Meny
Normal

No kjenner han alvoret tynge

VÅGSØY (NRK): Kjell Gunnar Tennebø (H) har ikkje gjeve opp samanslåing med Eid og Selje kommunar.

Kjell Gunnar Tennebø

ALVORET: Kjell Gunnar Tennebø kjenner alvoret kome sigande, no som kommunestyret skal avgjere framtida til Vågsøy kommune. – Det er klart at det er ei veldig, veldig viktig sak, seier han.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Høgrepolitikaren er 2. vara til kommunestyret og er blant dei i partiet sitt som ynskjer å utsetje avgjerda om å slå Vågsøy og Flora kommunar saman til Kinn kommune.

Kjell Gunnar Tennebø meiner kommunereforma kan ha skapt unødig splid og vondt blod blant gode naboar.

– Det er veldig trasig. Vi har mykje til felles i Nordfjord-regionen. Dersom det blir ei utsetting så kan ein finne endå betre løysingar enn berre Vågsøy og Flora, seier Tennebø.

– Alvoret kjem sigande

Den tvilande høgrepolitikaren kan bli tunga på vektskåla når framtida til Kinn kommune blir avgjort. Anten blir den ein realitet, eller så havarerer draumen.

Ei oppteljing NRK har gjort syner at Høgre truleg blir avgjerande. Her er meiningane delte. Vararepresentantane har fått beskjed om å vere klare, og Tennebø kjenner på ansvaret.

– Det er klart at det er ei veldig, veldig viktig sak. Alvoret kjem sigande etter kvart, seier han.

Vil ha Bremanger med

Harald Ellingsen

PISK: Harald Ellingsen håpar det ikkje kjem så langt at kommunalminister Jan Tore Sanner (H) må bruke pisken for å få Bremanger med i ein kystkommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dei fleste i partiet meiner det trengst endra kommunegrenser, men representantane er usamde om det er smartast å slå seg saman med Flora to timar unna. Og med ein fjord og Bremanger kommune i mellom.

Delte er også meiningane på gata i Måløy. Harald Ellingsen meiner det er synd om Bremanger ikkje vil vere med.

– Då er spørsmålet om Sanner kjem og brukar pisken. Eg er i mot tvang, så eigentleg håpar eg ikkje det, men eg tykkjer ein skulle gått hardare på og prøve å få dei med, seier han.

– Lytt til folket

Kari Haug

NEI: Kari Haug tykkjer ikkje om at kommunen slår seg saman med ein kommune som ligg to timar vekke.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg meiner vi bør seie nei. Det er litt langt vekke, meiner Kari Haug utanfor butikken på Raudeberg.

Over halvparten av innbyggjarane i kommunen deler synspunktet til Haug. Ifølgje ei brukarundersøking ynskjer derimot 34 prosent å seie ja til Kinn, slik som politikarane i Flora allereie har gjort. Det har også formannskapet i Vågsøy gjort. Slikt irriterer.

– Dei bør høyre på folket. Det er vi som skal bu og vere her, seier Haug.

800 underskrifter

Geir Oldeide

FOLKEAVRØYSTING: Geir Oldeide (Raudt) håpar å få kommunestyret i Vågsøy med på ei folkeavrøysting for å avgjere framtidas kommunegrenser.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Atle Bortne meiner lokalpolitikarane i Nordfjord har gjort ein for dårleg jobb med å snakke saman. Han fryktar at innbyggjarane blir taparane.

– Dei har brukt for mykje tid på krangling og dårlege uttalar som fornærmar. Det er ikkje noko god måte å byrje forhandlingane på, seier han.

Gruppeleiar i partiet Raudt, Geir Oldeide, har sanka inn over 800 underskrifter i krav om ei folkerøysting. Også dette er eit krav som kan bli avgjort seinare i dag.

– Veldig mange er engasjerte. Det er på ein heilt annan måte no, enn ved førre korsveg då vi diskuterte samanslåing med Selje/Vanylven, seier Oldeide.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.