Hopp til innhold

No kjem Wordfeud på nynorsk

Wordfeud er blitt eit svært populært ordleikspel og nærmar seg no 18 millionar nedlastingar. Til hausten kjem spelet også på nynorsk.

Wordfeud

I NY SPRÅKDRAKT: Frå hausten av kan du spele det populære spelet Wordfeud på nynorsk.

Foto: Tor Risberg / NRK

– Det var superkjekt å få denne nyheita. Dette er noko vi har jobba med ei stund, seier Janne Nygård som er nestleiar i Noregs Mållag.

Mannen bak spelet, Håkon Bertheussen seier til Framtida.no at han har fått mange spørsmål om å få det populære ordspelet på nynorsk. No håpar han at spelet kan vere klart på nynorsk ut på hausten.

– Vi ser på dette akkurat no, og håpar å få det klart i haust, seier Bertheussen til nettstaden.

Blant dei som har engasjert seg er også ordførar i Eid, Alfred Bjørlo. Saman med leiaren av Eid Målungdom sendte han brev til Landssamanslutninga for nynorskkommunar med ei oppmoding om at ein måtte jobbe for å få nettopp Wordfeud på nynorsk, skriv Framtida.no.

No har dette skjedd, og det er det mange som gler seg over. Nygård i Noregs Mållag seier dette er viktig.

– Det var ikkje så viktig for oss at det var akkurat Wordfeud, men det at spel og underhaldning og andre ting som ein brukar til dagleg også kan nyttast på nynorsk er viktig, seier Nygård.

Ho trur også at dette kan vise for folk som nyttar nynorsk at språket er viktig.

– Det at det kjem slike program og spel på nynorsk kan vere med å styrke kjensla av at det finst andre som og meiner at nynorsk er viktig. Viktig nok til at ein brukar tid på å utvikle eit tilbod på nynorsk, seier ho.