No kjem turistane også midt på den mørkaste vinteren

Ein superyacht på besøk i Sognefjorden på den mørkaste tida av året. Det får reiselivsnæringa til å sjå endå lysare på framtida.

Steinar Sørli som eig og driv Villa Åmot

GLADE JUL: Steinar Sørli driv Villa Åmot i Sunnfjord. Det er stort sett travelt heile året, men i romjula tek han fri.

Foto: Thomas B Eckhoff

Romjula er ei roleg tid på Villa Åmot i Sunnfjord. Då held det vesle hotellet ein halvtime frå Førde stengt og hotelleigar Steinar Sørli ladar opp til eit nytt år med nye gjester.

Som store deler av reiselivsnæringa, kan han sjå tilbake på eit travelt og innhaldsrikt 2018. Dette året har dei teke i mot fleire internasjonale gjester enn tidlegare.

– Det har vore fleire internasjonale gjester, dei har lagt igjen meir pengar, hatt fleire overnattingar og kjøpt aktivitetar. Vi ser at ringverknadane av den internasjonale gjesten gir meir til regionen enn den har gjort før, seier Sørli.

Han startar det nye året med salsturne i USA der «high end-marknaden», dei pengesterke kundane, er målet.

Mangemilliardær ankra opp

I romjula fekk Vestlandet besøk av ein særs pengesterk gjest. Då var ein yacht til to milliardar på seglas i Sognefjorden. Dette er ein av dei dyraste båtane som er bygd i 2018 og besøket gav «vinterfjorden» unik marknadsføring.

Jerry Jones sin yacht «Bravo Eugenia» på jomfrutur i Sognefjorden

PÅ SEGLAS I SOGN: Ein slik eksklusiv gjest midt på vinteren er ikkje eit vanleg syn på Sognefjorden.

Foto: NRK-tipsar

– Ein superyacht er ein fantastisk marknadsføring av regionen, den får merksemd lokalt og internasjonalt. Så det er bra for fjordane våre at ein slik gjest legg ferien sin hit, seier hotelleigaren i Sunnfjord.

Dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, er einig.

– Å få besøk av denne typen yachtar med godt betalande kundar er alltid interessant. At dei kjem no på den mørkaste tida av året viser at vi er eit attraktivt reisemål heile året og ikkje berre om sommaren.

Dei siste åra har reiselivsnæringa jobba for å få turistar til å komme til fjordane utanfor sommarsesongen. Førebels er det april og september som skal fyllast opp, men no ser ein også ein auke i trafikken på vinteren.

– Når det gjeld vintertrafikken som er frå november til mars, så er det Flåm som er lengst framme der i forhold til vinterfjorden og opplevingar utan snø og ski, seier Brandshaug.

200 millionar bestillingar allereie

I cruisebygda Flåm har dei for første gong i år satsa på joleturisme og heile bygda er pynta med ljos og jolepynt. Då kjem «superyacht-reklame» godt med.

– Eg sa til dei tilsette at eg var glad vi hadde pynta, elles ville det vore veldig trist og mørkt her, seier dagleg leiar i Flåm AS og konserndirektør i Aurland resursutvikling Solrun Hjelleflat.

Solrun Hjelleflat, Aurland ressursutvikling

SUKSESS: Solrun Hjelleflat har god grunn til å smile for ein vellukka jolesatsing i Flåm.

Foto: Privat

Ho fortel at responsen på jolesatsinga har gått over all forventning, og slik som bestillingslistene ser ut no, blir 2019 er nytt godt turistår for Flåm.

– Vi har allereie 200 millionar bestillingar for neste år, så det er ein god indikasjon på at det blir eit bra år.