Hopp til innhold

No kjem snøen tilbake

Har du skifta til sommardekk på bilen, har du truleg vore vel tidleg ute. I helga kjem snøen på visitt igjen.

Geir Ottar Fagerlid

METEOROLOG: – Ein treng ikkje bli overraska om ein må køyre i snøslaps denne helga, seier Geir Ottar Fagerlid om vêret vi truleg har i vente.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Dei som håpa på vårvarmen, må nok smørje seg med tolmod. Etter ein mild vinter, går det mot ei kald avslutning på april månad. Og ustabilt vêr med nedbør kvar dag.

Frå fredag kveld og gjennom helga kan du vakne opp til kvite markar.

– Prognosane er usikre, men du må ikkje svelgje vrangt om det er kvitt laurdag, seier Geir Ottar Fagerlid.

Årsaka er eit lågtrykk som fredag vil leggje seg like utanfor Florø.

– Her vil det ligge i dagevis kose seg, og spinne rundt seg sjølv utanfor Nordvestlandet, medan det pumpar bygeaktivitet innover Vestlandet, seier Fagerlid.

Med kaldluft frå nord, kan minusgrader og nedbør på nattetid gi sludd og kvit nedbør. Endåtil i låglandet, og kanskje så lenge som ut i neste veke.

– Det er ikkje snakk om store mengder, men det kan bli kvitt. Mitt råd til dei som har skifta til sommardekk, er å ta det med ro og heller bruke beina om ein må ut tidleg om morgonen. Laurdag morgon bør ein helst ha piggdekk og kjettingar, seier Fagerlid.

– Ute på kysten går nok nedbøren som regn, legg Fagerlid til.

Dei same prognosane gjeld både for Hordaland og Sogn og Fjordane. Trøysta er at temperaturen vil stige sakte, men sikkert, på dagtid.

– Det er framleis april, og framleis fare for snø. Og ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2003 før det kom snø tidleg i mai, minner Fagerlid om.