I dag opna Hornindal skisenter trekket heilt til topps, og kan tilby alpintentusiastar 1.650 meter preparert nedfart i Tverrløypa.
– No trur eg det losnar for denne vinteren. Det blir kaldt og prognosane fortel om snø denne helga og 70 millimeter i nedbør i neste veke, så eg trur det er gjort, strålar driftsleiar Amund Sverre Tomasgard.
Snø i heile fylket
Skisenteret opna før jul, men mykje mildvêr har også tvunge til stengde dagar for å spare på solen. Snørike dagar gjer også at Tomasgard har håp om å få opna rubbel og bit av langrennsløyper.
Statsmeteorolog Mette Skjerdal seier at det vil komme snø heilt i fjæresteinane denne helga. Grunna vind kan det bli vanskelege køyreforhold i fjellet søndag kveld.
– Vinden dreier nordvest og då får vi kald luft frå nord. Det trur eg skisentera vil setje pris på, for det betyr eit lite påfyll av snø, seier ho.
Treng 15 cm
Vêrtypen blir av det kortvarige slaget i ytre strok, men for indre strok kan det fort bety nokre centimeter snø. Utover veka vil snøgrensa vere kring 200 meter på det høgaste.
– Tysdag vil temperaturane auke og det blir mildt, men for indre strok seier prognosane meir snø, seier Skjerdal.
Det er musikk i øyra for driftsleiar Jon Balsnes ved Harpefossen skisenter i Eid. I dag opna dei på nytt nedste delen av alpinbakken.
– Får vi 10–15 centimeter til, så får vi fresa løypene og skiskyttarstadion. Då kan vi også få opna hovudanlegget for alpint på Furuhogane, seier han.
Håpar på neste helg
Ved nyttår låg omsetnaden kring millionen bak omsetnaden på same tid i fjor. Med opning 15. november, var førre sesong både langt meir stabil og mykje lenger.
Jølster skisenter på Vassenden leverte sin beste sesong i fjor, men har sidan nyttår ikkje fått nysnø eller produsert kunstsnø.
Ved Hodlekve i Sogndalsdalen er langrennsløypene preparerte og dei ser utsiktene for å ha heile anlegget ope neste helg. I helga held Hodlekvetrekket og Barnetrekket ope. Sogn skisenter i Luster har skiheisane gått jamt sidan før jul.
På Utvikfjellet er utsiktene meir usikre for Breimsbygda skisenter.
– Får vi det som er meldt, så opnar vi barneheisane att. Vi er klare til å opne alt, med det same vi kan, seier driftsleiar Runar Kleppe.