No kjem restane etter «Ylva» nedover kysten

– Det blir knippet mindre med vind enn varsla, med den sterkaste vinden langs kysten, seier statsmeteorolog Jon Smits.

John Smits

SVAK VERSJON: Statsmeteorolog John Smits seier at det er ei svært redusert utgåve av «Ylva» som i kveld og natt kjem til Vestlandet.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

Meteorologisk institutt sende fredag OBS-varsel for vanskelege køyreforhold i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane .

Laurdag kveld ser restane etter ekstremvêret «Ylva» ut til å bli noko svakare enn frykta.

– Vinden aukar på utover kvelden og tidleg natt, til sterk kuling og kanskje liten storm frå sør, seier statsmeteorolog John Smits.

«Ylva» returnerer

Stormen Ylva veltet uthus

HERJA: Stormen «Ylva» har gjort stor skade i Nord-Norge. No kjem restane sørover til Vestlandet.

Foto: Klemet Anders Sara / NRK

«Ylva» har siste dagane herja frå seg i Nord-Norge, med vindkast opptil 163 kilometer i timen. Forsikringsselskapa, Finans Norge og Norsk Naturskadepool har fått inn fleire hundre meldingar om skade.

Men det er ei veldig svekka utgåve av ekstremvêret som no er på veg sørover langs norskekysten.

– Lågtrykket «Ylva» passerte oss på veg nordover og vart så å seie liggande utanfor Nordland. No flyttar det seg sørover att og vil gi den sterkaste vinden tidleg i natt. Vinden vil minke framover mot morgonen. Først med ein søraustleg og så nordaustleg retning, før den dabbar av, seier Smits.

Mest vind på kysten

Meteorologane åtvara mot vanskelege køyreforhold på fjellovergangane laurdag. Vikafjellet er allereie stengt på grunn av fare for skred. Der er det ny vurdering søndag klokka 15.

Smits seier prognosane viser mest vind på kysten.

– Det ser ikkje ut til å bli veldig kraftig vind på fjellovergangane, men temperaturen i indre strok vil gå noko ned og snøen vil kunne legge seg i vegen. Snøgrensa ser ut til å krype til 200–300 meter, seier Smits.

I skiljet mellom pluss og minusgrader kan denne nedbøren gi utfordrande køyreforhold, tilsvarande nullføre. Det kan også bli glatte vegar.

God start på veka

Lågtrykket vil søndag halde fram med å flytte seg sørover, før det går på land sør for Bergen ut på ettermiddagen. Då vil truleg rogalendingane få mesteparten av vinden.

Dei vil truleg få det meste av nedbøren når vi måndag startar på ei ny veke.

– Måndag blir det søraustleg vind og Sogn og Fjordane og Hordaland ser ut til å gå klar nedbøren. Tysdag blir det opphald på heile Vestlandet, og sjølv om sola ikkje er framme mange timar for tida, så kan dagane by på litt sol, seier Smits.

Slik er status på fjellovergangane i Sør-Norge, laurdag klokka 2030:

  • E6 Dovrefjell: Vekslande bart og isdekke, fare for glatte parti.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Snø- og isdekke, fare for glatte parti.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Snø og isdekke.
  • Rv. 9 Hovden-Haukeli: Snø- og isdekke, fare for glatte parti.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr og fare for skred. Ny vurdering søndag klokka 15.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Snø- og isdekke.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Snø- og isdekke.