No kjem det 10 nye episodar med Klart eg kan

Tysdag er det premiere for den fjerde sesongen av NRK Super-serien Klart eg kan. I dag var alle ungane samla til premierefest i Førde.

Klart eg kan 2014

KLAR FOR NY SESONG: Framme f.v.: Vemund, Tiril, Linn Zoey, Johan og Jakob Mathias. Bak f.v. produsent Karoline Eikenæs Berge, Oda Bertine, Tiril, Felix, Eirik og Olianna.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ti glade ungar med familie var samla for å sjå seg sjølv, saman med familien. Og no kan snart alle sjå dei nye episodane av Klart eg kan, som NRK Sogn og Fjordane produserer for NRK Super.

Bak den nye sesongen står Karoline Eikenæs Berge, og ho forsikrar at publikum kan gle seg til ti program, med ti spennande historier frå kvardagen til barna.

– Tysdag er det premiere på 1. episode i den nye sesongen, og så vil det gå kvar tysdag fram til slutten av november. Det er fjerde sesong av "Klart eg kan", og det er klart at vi har laga noko som liknar på dei andre sesongane. Det er framleis barn som gjer noko for første gang, og det handlar om mot og meistring. Dei utfordrar seg sjølv på noko dei har lyst å gjere, fortel Karoline.

I dag kunne ho juble saman med ungane, og ho forsikrar at det var ei stor glede å møte alle igjen då dei var samla til premierefest.

– Det har vore ein heilt fantastisk dag, og så kjekt å sjå ungane igjen. Eg har jo filma med dei gjennom eit år, og nokon av dei har vekse ganske mykje og siste opptak gjorde vi berre for to veker sidan. I dag hadde vi alle litt sommarfuglar i magen.

Klart eg kan handlar om barn som skal gjere ein ny ting for første gang, og det handlar om å meistre noko som kan vere vanskeleg.

– Etter at eg byrja å jobbe med denne serien så har eg fått stor respekt for det vi kan kalle kvardagsmeistring. I den alderen skal dei ofte gjere noko heilt nytt, og nye ting er jo litt skremmande for oss alle. Det å bli filma når dei gjer nye ting, det står det respekt av, seier Karoline og smiler.

Klart eg kan premierefest

RAUD LØPAR: Alle ungane i den fjerde sesongen av Klart eg kan på veg inn til premierefest på raud løpar i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Premierefest Klart eg kan

FESTMAT: Pølser og brus stod sjølvsagt på menyen når NRK inviterte til premierefest for Klart eg kan.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.