Hopp til innhold

No kjem laget som samlar Vestlandet

Dei beste langrennsløparane på Vest- og Sørlandet får tilbod om eit nytt regionlag.

Gjøran Tefre utanfor bustaden sin på Lillehammer

AKTUELL: Gjøran Tefre frå Førde er ein av løparane som kan vere aktuell for ein plass på det nye regionlaget i langrenn for Vest- og Sørlandet.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette er alfa og omega når ein skal ta dei siste stega for å komme opp i verdseliten, seier Gjøran Tefre.

Førde-løparen har det siste året stått utan tilbod om å satse med eit lag. Som førsteårssenior er ikkje det ideelt for eit talent med ambisjonar.

Men no kjem opplegget som kan vere ei løysing. Skikrinsane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Agder og Rogaland står bak det som har fått arbeidsnamnet Team Veidekke Vest.

– I det siste har Vestlandet vore einaste regionen i Norge utan eit slik rekrutteringslag i regi av forbundet. Det har vore uheldig. Så eg ser veldig positivt på dette, seier Tefre.

Vil samle dei beste kreftene i regionen

Frå før har skiforbundet oppretta regionlag i alle andre landsdelar. Frå 1. mai skal også Vestlandet og Sørlandet ha eit tilbod. Arbeidet med å tilsetje trenar er no i gang. Laget skal bestå av både menn og damer.

– Tanken er å samle dei beste løparane og dei beste kreftene i regionen, slik at det skal bli eit betre seniorsamarbeid og seniortilbod for løparane som bur der, seier Brit Baldishol i skiforbundet.

– Tilbodet har rett og slett ikkje vore godt nok til no?

– Det har iallfall vore eit seniortilbod som ikkje har vore på linje med andre, seier ho.

– Alfa og omega for å nærme seg verdseliten

Baldishol vil ikkje gå ut med detaljane i satsinga. Men førebels har laget fått namnet Team Veidekke Vest, og er eit spleiselag mellom skikrinsane, sponsorar og skiforbundet.

– Eg trur det er viktig for skikrinsane her å få eit nytt team, slik at dei beste løparane blir verande i regionen, seier Baldishol.

Her kan lovande folk som Vebjørn Turtveit, Torjus Børsheim og Torgeir Skare Thygesen vere aktuelle namn på herresida.

For Gjøran Tefre og dei andre hardtsatsande løparane kan det nye laget bli viktig.

– Med flinke folk i støtteapparatet vil løparane få den hjelpa dei treng til å ta nye steg i lag med andre i same situasjon, seier 20-åringen.