NRK Meny
Normal

Forsvarsindustrien er komen til Sogn og Fjordane

EasyForm i Vågsøy har gått inn kontrakt med Kongsberg Gruppen. – EasyForm kompletterer oss, seier kommunikasjonssjef Kyrre Lohne.

SafeForm signerer kontrakt med Kongsberg-gruppen.

SAMDE: Gunnar Carlson (i midten) var svært stolt då avtalen mellom EasyForm og Kongsberg Gruppen vart presentert i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er kompositt og lette strukturar som lokkar teknologikonsernet til Måløy og Vågsøy.

Kommunikasjonssjef for forsvarsdelen i Kongsberg Gruppen, Kyrre Lohne, seier dei har stor tru på kompositt og lette strukturar. Noko EasyForm har godt kjennskap til.

Kyrre Lohne

VIL HA NORSK: Kyrre Lohne i Kongsberg Gruppen seier dei ynskjer å ha norske underleverandørar der dei kan.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi i Kongsberg er opptekne av å ta oss sjølve vidare, nye teknologiområde og det vi snakkar om i dag er noko vi har stor tru på framover. På den måten kompletterer EasyForm oss i Kongsberg veldig godt og vi ser fram til samarbeidet, seier han.

– Ein stor dag

Etablert i 2005 har EasyForm utvikla seg til å bli ein komplett R & D-partnar som leverer alt frå design og ingeniørtenester til ferdige produkt. Verksemda er etablert i det velkjende teknologimiljøet i Måløy.

Gründer og styreleiar for mange verksemder i Måløy-miljøet, Gunnar Carlson, var stolt over å kunne presentere forsvarsindustrien sitt inntog i Sogn og Fjordane.

– Det er ein veldig stor dag. Det beviser at utviklingsprofilen vår har slått til når vi får gehør hos ei av dei største industriverksemdene i Norge, seier han.

Norske leverandørar

Kongsberg Gruppen er ei vidareføring av Kongsberg Våpenfabrikk og leverer ei lang rekkje høgteknologiske system. Ved inngangen til 2014 hadde selskapet nær 7 500 medarbeidarar i over 25 land.

Etter i dag er Finnmark einaste fylke i Norge som ikkje er representert blant underleverandørane.

– Vi opererer i ein spesiell bransje, der det er viktig med trygge leveransar frå pålitelege leverandørar. Difor søkjer vi helst nasjonale der det er mogeleg. Då er det godt å sjå eit sterkt komposittmiljø i Norge, der EasyForm er med, seier Lohne.

Gunnar Carlson og Kristin Maurstad

ORDFØRAR-ROS: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) gratulerte gründer Gunnar Carlson på vegne av kommunen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mykje nytta

Komposittmateriale samansetjing av to eller fleire ulike materiale. Det er mykje nytta der det er behov for lette materiale av stor stryke, men også motstandsevne mot varme. Slik som i jetmotorar og rakettar.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) i Forsvars- og Utanrikskomiteen, meiner avtalen i dag er eit kvalitetsstempel for teknologi miljøet i Måløy.

– Det er historisk at ei verksemd i Sogn og Fjordane får ei slik kontrakt med Kongsberg Gruppen, seier ho.

Vinne tillit

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap) kan ikkje vere meir samd.

– Måløy-miljøet som EasyForm er ein viktig del av representerer ei spennande klynge i Måløy, som supplerer den meir tradisjonelle marine- og maritime industrien i Måløy, seier ho.

Carlson sa under pressekonferansen i dag at EasyForm no er «invitert til døra, men at dei slett ikkje er husvarme».

– Dette betyr ein heil del, men først og fremst må vi bevise at vi er verdige denne tilliten frå Kongsberg. Og vi skal vinne Kongsberg Gruppen sin tillit, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.