Hopp til innhold

No kjem finvêret til heile fylket

No kan du setje snøskuffa til side og heller ha solbrillene på lur, for finvêret er like rundt hjørnet.

Vinter Sande i Gaular

KALDT: Denne veka kan ein få eit glimt av sola. Bilete er teke på Sande i Gaular.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Statsmeteorolog Haldis Berge

MELDER FINVÊR: Statsmeteorolog Haldis Berge.

Foto: Marit Hommedal

– Brøytemannskapet kan nok få kvile nokre dagar no, for heile neste veke ser det ut til å bli fint. Det vert enkelte spreidde byer i dag, men lite i forhold til kva som har vore. Måndag går det mot opphaldsvêr og periodar med sol i heile fylket, fortel statsmeteorolog Haldis Berge ved Meteorologisk institutt.

Etter ein periode med både mykje vind og nedbør kan Sogn- og Fjordingane no sjå fram til ei veke med godvêr.

– Vêret vert jamt over fint i alle fall fram til fredag, så no har ein moglegheit til å gå ut å nye vinteren. Det har jo kome ein god del snø i fjella, seier Berge.

Finare utover veka

Måndagen kan det kome enkelte sluddbyer i ytre strøk tidleg på dagen. På tysdag kan det vere litt meir skya vêr i indre strøk på grunn av eit lågtrykk som ligg over Austlandet.

– Med tanke på lågtrykket som ligg over Austlandet er det dei ytre stroka som får det finaste vêret. Det er litt usikkert når det er venta eit nytt lågtrykk innover oss, men er vi heldige kan det bli fint vêr til og med neste helg, seier Berge.

Kaldare dagar i vente

Med klårvêret kjem også kulden, og temperaturane begynner å gå nedover allereie i dag.

– Så ein må rekne med minusgrader. Måndag kan ein rekne med plussgrader heilt på kysten, men temperaturen vil gå nedover også her.

På Twitter skriv «Meteorologene» at når høgtrykket og sol kjem, så kan det også bli tåke og dårleg luft. Dette gjeld i byane.

Laster Twitter-innhold