No kjem endeleg vårvarmen

Pessimistiske vestlendingar trur det gjerne ikkje før dei med sjølvsyn ser kvikksølvet krype oppover. Men no tyder alt på at vårvarmen kjem også til Sogn og Fjordane.

Vår

VARME: Lengtar du etter å kjenne graset under berre føter? No ser det ut til at du får sjansen både i dag og i morgon til å nyte av vårvarmen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er godt mogleg. Vi har eit høgtrykk og bra vêr dei fleste stader, seier statsmeteorolog Rafael Grote om vêret på Vestlandet søndag.

Nord på Vestlandet er det litt meir skyer, medan det særleg i Rogaland og Vest-Agder kan kome litt meir vind langs kysten.

– Men generelt er det lite vind og for det meste fint vêr, så det er godt mogleg at temperaturane kjem opp i over 20 grader, seier Grote.

Og dette er godt nytt for dei av innbyggjarane i Sogn og Fjordane som ikkje berre ønskjer seg sol, men også varme. Klikkar du deg inn på Yr.no vil du sjå at temperaturane i både Sogndal, Stryn, Florø, Førde, Høyanger og Nordfjordeid nærmar seg 20-talet i dag.

– Vi har varme luftmassar og lite rørsle i lufta, så lufta kan varme seg ganske bra opp, seier Grote og ser ikkje vekk frå at folk kan nyte søndagen i over 20 grader.

Vårvarme i vente i Sogn og Fjordane

SOL: Dette er det du får opp om du søker på Sogn og Fjordane på Yr.no søndag. Med andre ord: Vi har nokre fine dagar i vente.

Foto: Skjermdump frå YR.no

Ser ein framover ser det ut til at vi får behalde finvêret ei lita stund. Førebels ser det fint ut fram til tysdag, seier meteorologen.

– Tysdag kjem det eit regnområde som passerer frå nordvestlege område, det vil gå over land i løpet av føremiddagen og litt nedbør. Men etter det ventar vi at det held fram med ganske stabilt vêr, seier Grote.

Temperaturane vil derimot falle litt utover i veka, så dei som vil teste ut sommarshortsen og sandalane gjer kanskje lurt i å gjere det dei næraste dagane.