Hopp til innhold

No kjem endeleg sommarvarmen

Etter veker med vêr som minner lite om sommarårstida kjem endeleg sola og varmen med den, men nyt det medan du kan.

Studetårn Kaupanger Sol

BADETEMPERATUR: Med 25 grader i vente er det nok fleire som kan tenkje seg å ta eit forfriskande bad. Her er stupetårnet på Kaupanger.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dei to komande dagane vil vere dei beste vi har hatt på kanskje over ein månad, så det er berre å nyte sommardagane, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Vi må nemleg heilt tilbake til Sankthans før vi finn temperaturar over 20 grader på Vestlandet, fortel Fagerlid.

Høge temperaturar

Geir Ottar Fagerlid

NO KJEM SOLA: Nyt den medan du kan, oppmodar statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Ein varmfront passerte fylket i går og gav ein del nedbør og lågt skydekke. Det heng litt att i morgontimane, men det er ingen grunn til å vere uroa. Det skal bli ein veldig fin dag i fylket, seier meteorologen.

Så sjølv om skodda heng lågt fleire stader vil det i løpet av nokre timar bli langt betre.

– Og temperaturane ser veldig fine ut med rundt 25 grader på det meste i dag.

Bulder og brak

Dei fleste hadde nok sett at sommarvêret kunne vare ei god stund framover, men det er berre å nyte det medan du kan, oppmodar meteorologen.

Stårheim

DEL GODVÊRSBILETA: Det har @olinesine gjort med dette bilete av Stårheim sett frå Sethaugen. - Sommar i sikte, skriv ho.

Foto: @olinesine / Instagram

– Dagen i morgon startar veldig bra med veldig lite skyer og ein god del sol. Vi forventar temperaturar opp i 25–26 grader også i morgon, fortel Fagerlid.

Men akkurat no er det eit kraftig torevêr over Storbritannia som vil trekke seg sakte austover og vil mest truleg gje torevêr torsdag ettermiddag.

– Også fredagen er det venta torevêr i Sogn og Fjordane. Så dei høgaste temperaturane gir seg nok i morgon, seier meteorologen.

Del dine sommarbilete

Når sola no endeleg skin, og temperaturane inviterer til bading og andre sommaraktivitetar kjem også kamera fram. Del gjerne dine sommarbilete med oss.

Du kan anten bruke #nrksf når du merkar bileta dine på Instagram eller send oss blinkskotet ditt til sf@nrk.no.

Laster innhold, vennligst vent..