– Dette er kjærkomen nedbør, som for veldig, veldig mange bønder gjer utruleg godt. Det er godt for graset, men også for bøndene sjølv, som ser at det faktisk kjem litt nedbør.
Det seier nestleiar Ole-Ivar Åm Sognnes i Sogn og Fjordane bondelag. Han er ein av bøndene som er avhengig av regn for å klare å få hausta nok mat til dyra sine.
Mange bønder vil truleg hugse årets sommaren
, der tørka har ført til stor uvisse.På bøane i Leirvik i Sogn har Sognnes prøvd å ha is i magen. Han ventar på litt regn før han tek til på andreslåtten. Dei komande dagane kan han få det han ventar på.
- Les også:
Tilbake til meir «normalt» sommarvêr
Statsmeteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga på Vestlandet kan love edle dropar til bøndene i Sogn og Fjordane.
– I morgon blir det periodar med regn og regnbyer. Utover dagen blir det mest regn i ytre strøk, medan det i indre strok går over til skiftande skydekke med enkelte regnbyer. Tysdag kjem det litt regn først på dagen, før det tysdag ettermiddag, og då spesielt i ytre strøk, blir ganske mykje regn, seier Livik.
Ifølgje meteorologen kan det tysdag lokalt komme mellom 50 og 60 millimeter med nedbør.
– For bøndene er det truleg gunstig at det kjem regn i ganske beskjedne mengder i morgon, før det tysdag startar roleg og blir meir intenst utover ettermiddagen.
- Les også:
- Les også:
Umogleg å spå kor dårleg avlingane blir
– Det ideelle hadde vore om det kom regn i passelege mengder, som går over litt tid, seier Sognnes.
Han seier jorda på mange bøar er blitt så tørr at det vil ta litt tid før vatnet kan trekkje ned i jorda.
– Kor dramatisk er situasjonen for bøndene i Sogn og Fjordane no?
– Vi får ein del tilbakemeldingar frå bønder som har ein brukbar andreslått. Men totalnivået for avlinga i år er dårlegare enn eit normalår, det er det ikkje tvil om. Det er store variasjonar i fylket, og det blir meir kritisk jo lenger inn i fylket du kjem.
Sognnes seier mykje kjem an på om det er mogleg å få til ein god tredjeslått. Vêret dei komande vekene vil dermed kunne slå begge vegar.
Ifølgje Sognnes vil også frukt- og bærbøndene ønskje regnvêr velkommen, men mange av dei skal ha klart seg greitt fordi dei har vatningsanlegg.
- Les også: