Hopp til innhold

No kjem den «ekte» hausten

Haustvêret har så langt vore over all forventning i fylket, men i neste veke blir det andre bollar.

Todelt vær

VÊRSKIFTE: Frå tysdag blir det nedbør, og særleg onsdag og torsdag blir våte.

Foto: Colourbox/Scanpix, Tor Richardsen

Søndag og måndag blir det fint vêr av same typen som ein har sett i fylket dei siste vekene, men frå måndag kveld kjem det eit skifte.

– Utanom fare for lokal tåke er det pent vêr i dag og til dels i morgon, men det skyer nok til litt utover måndag ettermiddag eller kveld, og så kjem nedbøren på tysdag. Det blir heilt klart ei omlegging, seier statsmeteorolog Steinar Skare ved Meteorologisk institutt.

Våte dagar i vente

Sogn og Fjordane har hatt nokre kalde netter no, og også natt til søndag vil vere kald, men så skal nattetemperaturane opp. Frå tysdag kjem regnet.

– Det er snakk om litt nedbør på tysdag, men ikkje store mengder. Onsdag og torsdag blir det derimot ganske mykje regn, seier Skare.

Søndagen byr på litt skyer i kyststroka og i Nordfjord, men samanlikna med ruskevêret i vente, er dette fint vêr, slår meteorologen fast.

Onsdag er det venta mellom 30 og 40 mm regn på 24 timar. Tilsvarande tal for torsdag er på 40. Det blir også vindfullt.

– Desse to dagane blir våte. Det blir også ein del vind. Vinden skifte fram og tilbake mellom søraust og sørvest. Det kan bli opp mot stiv kuling i kyststroka både onsdag og torsdag, seier Skare.

Fuktig også til helga

Med andre ord har fylket skikkeleg sure dagar i vente.

– Det blir kanskje litt haust som vi eigentleg skal ha, seier meteorologen spøkefullt.

Fredag blir det ein liten pause frå regnet, men så er det nye runde laurdag og søndag.

– Helga ser nok også litt våt ut. Vinden vil auke på igjen fredag kveld, då til sørleg kuling, opp mot sterk kuling, men den vil minke på laurdag. Søndag blir det litt meir varierande vind.

Truleg vil nedbøren periodevis kunne komme som snø i område over 800–1000 meter.