Hopp til innhold

No kjem «Norge Nå» til Sogn og Fjordane

Frå måndag til torsdag skal «Norge Nå» sende fire sendingar i beste sendetid på NRK 1 frå Sogn og Fjordane.

Brødrene Aa i Hyen

Ein av plassane som får besøk av programmet er Brødrene Aa i Hyen.

Foto: NRK

– Eg gler meg veldig til å reise rundt og få sett meg rundt i Sogn og Fjordane. Det har eg ikkje gjort så mykje før, seier programleiar for «Norge Nå», Rune Nilson.

Frå måndag til torsdag skal han, saman med Silje Guddal i NRK Sogn og Fjordane, reise fylket rundt og sende direktesendt TV på NRK 1. «Norge Nå» starta opp på nyåret og har hatt fire sendingar i veka sidan og no har turen kome til Sogn og Fjordane.

Båtentusiast

Måndag kveld klokka 20.15 går det første programmet som skal handla om spel og tipping. Sendinga vert sendt frå Lotteritilsynet i Førde. Tysdag går turen til Hyen der temaet er arbeidsinnvandring.

Norge nå Tarjei Strøm og Rune Nilson

Rune Nilson (t.h.) er saman med Tarjei Strøm programleiar for Norge Nå, men når dei kjem til Sogn og Fjordane er det Silje Guddal som vert medprogramleiar, saman med Nilson.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

– Eg ser veldig fram til å besøka Brødrene Aa. Som båtentusiast syns eg det er spennande at eit firma frå ein plass der det bur 5–600 menneske lagar båtar som vert seld til Kina, seier Nilson.

Onsdag er temaet skule og kvifor elevane i Sogn og Fjordane er best i landet, medan toppturar skal fylle sendinga på torsdag.

Programma kan du sjå direkte på NRK 1 frå klokka 20.25 (måndag startar sendinga 20.15) eller når du vil i opptak i nettspelaren.