Hopp til innhold

Gjekk nesten ned i uvêret - no kan den tradisjonsrike teaterbåten bli din

Teaterskipet «MS Innvik» måtte gje tapt for naturkreftene då uvêret herja før helga. Samtidig som skipet blir reparert og heva, bli den historiske båten lagt ut for sal på Finn.no.

MS Innvik

BLIR HEVA: MS Innvik blir heva denne veka, samtidig blir den tradisjonsrike teaterbåten lagt ut for sal på Finn.no.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Vi har brukt tre år, og mykje tid og krefter på båten. Vi er ikkje utbrente, men vi føler vi har utspelt vår del av den stafetten det er å eige eit slikt skip, seier Rune Borknes.

Saman med kona Eldrid Lorentzen Forsland har han dei siste tre åra stått som eigar av teaterskipet «MS Innvik».

Det staselege skipet har ei lang historie og har i mange år tent som teaterbåt på den vêrharde vestlandskysten. Men då uvêret nådde Oslofjorden og Nesodden torsdag gjekk det gale. Båten tok inn vatn, men etter iherdig innsats greidde redningsmannskap å unngå at den sokk fullstendig.

– Dette var veldig trist for oss, seier Borknes.

– Dette er vår baby

«MS Innvik» vart først brukt som bilferje, men er kanskje mest kjent for sine mange år som teaterbåt langs kysten av Vestlandet. I 1982 vart båten bygd om til ein teaterbåt, og reiste rundt i fjordbygdene i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.

Med dette vart det den første teaterbåten i Norge.

I 2001 vart den kjøpt av Nordic Black Theatre i Oslo, der den vart brukt som kombinert teaterbåt, serveringsstad og overnattingshotell fram til sommaren 2010.

– Dei aller fleste har vel hatt eit eller anna forhold til denne båten, anten ved at dei har vore om bord når den har gått på Vestlandet eller når den låg til kai i Oslo, eller at dei har sett den i bybiletet, seier Rune Borknes.

Han og kona tok over som eigarar sommaren 2010. Dei flytta båten til Svestad brygge på Nesodden, og sidan har lagt med mange timars innsats for å halde båten ved like.

– Dette er vår baby. Vi har lagt ned mykje tid, pengar og kjærleik i dette skipet. Målet vårt var å ta vare på det som er ein kulturinstitusjon, og vi ville søkje kulturminnefondet om midlar til ytterlegare restaurering, fortel Borknes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Teaterskipet "MS Innvik"
Foto: Privat

Alt som kunne gå gale gjekk gale

Men så skjedde det som ikkje skal skje. Seint torsdag kveld kom meldinga om at det var gått hol i skroget på båten, og den tok inn vatn. Ei tid var det vare for at båten kunne gå rundt, men den vart til slutt liggande delvis på botnen.

– Båten fekk for lite vatn under kjølen, og slo nedi nokre gonger. Vi fekk fortøya båten akterut, men då var det allereie kome ein skade, seier Borknes.

– Skaden var ikkje større enn at vi under normale forhold kunne ha pumpa ut vatnet og halde den flytande, men så gjekk straumen og vi hadde ikkje noko hjelpe oss med, seier Borknes.

Brannvesenet kom til med sitt utstyr, men det var for seint.

– Vatnet byrja kome inn gjennom landgangsluker og slike ting, og då skjedde det fort, seier Borknes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Teaterskipet "MS Innvik"

POPULÆR: Tallause førestillinga har blitt sett opp i teaterbåten MS Innvik.

Foto: Privat

Vil selje båten til andre eldsjeler

Måndag er det dykkarar i sjøen for å reparere skadane, og i løpet av veka blir båten heva. Samtidig har eigarane bestemt seg for å forsøke å selje båten.

– Vi trur det må noko meir til enn eit ektepar med mykje entusiasme og ein viss tilgang på pengar, seier Borknes.

Han seier dei har sett på det som ei viktig oppgåve å halde båten i hevd, og håpar nokon andre vil gjere det same i åra framover.

Trass i fleire dagar under vatn er det mykje av båten som er intakt.

– Det elektriske anlegget er øydelagt, og ein del av lugarane har fått skader. Men strukturen, det at det er ei teaterscene, eit amfi, og kafe og kjøkken er alt intakt, seier han.

– Om det hadde vore ein gjeng med nevenyttige menneske med kontaktar med greie på elektro og rør kan skuta fint setjast i stand igjen, seier Borknes.

– Vi skal bli samde om prisen

I annonsen på Finn.no er prisen på skipet sett til 9.999.999 kroner. Men det er ifølgje Borknes berre ein heilt imaginær sum.

– Finn.no kravde at vi skulle setje eit tal, og vi kunne ikkje setje kroner 1. Då valde vi å setje eit tal som er heilt fjernt frå verkelegheita, seier han.

Han seier det er vanskeleg å seie noko eksakt om kva båten vil kunne bli selt for.

– Viss det er nokon som ønskjer overta skal vi bli samde om det økonomiske, seier Borknes.

MS Innvik

LÅG LENGE HER: MS Innvik låg til kai ved operaen i Bjørvika i Ni år, før den vart selt til Rune Borknes og kona på Nesodden.

Foto: Ruth Lothe / NRK

Gjer alt for å unngå opphogging

For han og kona er det viktigaste nemleg at båten ikkje blir send til opphogging.

– Vi har så utruleg mange gode minner frå båten. Vi hadde vårt eige bryllaup på båten i sommar, og har mange kjensler for skipet. Vi ønskjer veldig gjerne at nokon tek vare på båten vidare.

– Kven håpar du vil kjøpe skipet?

– Kanskje hadde det beste vore om fleire miljø hadde gått saman. Eit kystlag med nevenyttige menneske saman med ei lokal teatergruppe? Og så hadde det vore fantastisk om båten kunne kome tilbake til dei vestlandske fjordar.

Kor raskt eit sal kan bli realisert er det ingen som veit, men Borknes vil vente i det lengste før han sender båten til opphogging.

– Vi har god tid, og vil vente på den rette kjøparen. Men vi kan ikkje vente i årevis med det som kan kallast eit skipslik hengande etter fortøyingane i hamna, seier han.

Rune Borknes og Eldrid Lorentzen Forsland

GIFTA SEG: Eigarane Rune Borknes og Eldrid Lorentzen Forsland gifta seg på MS Innvik i sommar.

Foto: Privat