Hopp til innhold

No kan sjefen i Dale tilsette fleire

IT-verksemda Avans AS i Dale skal levere tekniske løysingar til Hero Kompetanse AS. Avtalen betyr at dagleg leiar Magnar Høyvik kan få fleire på lønningslista.

Magnar Høyvik, dagleg leiar i Avans AS

KAN SMILE: Med ein stor avtale i boks, kan dagleg leiar Magnar Høyvik og kollegaene i Avans As smile breitt.

Foto: Privat

– For oss betyr dette langsiktig tryggleik, og det forsvarar tilsetting i to nye stillingar, seier Høyvik til NRK.no.

Hero er for mange kjent som organisasjonen som driftar asylmottak rundt om kring i landet. Organisasjonen tilbyr tenester til både asylsøkjarar, flyktningar og innvandrar frå dei kjem til Norge og fram mot arbeid og utdanning.

Avtalen Avans AS i Dale har gjort med Hero gjeld ein programvare til Hero Kompetanse AS. Dei jobbar med å legge til rette slik at minioritetsspråklege blir ein ettertrakta ressurs i den norske arbeidsmarknaden. Avans As si programvare Ad Opus er ei komplett løysing for handteringa av tiltaka og prosessane i dette arbeidet.

Trur talet tilsette kan doble seg

Avans AS har i dag 12 tilsette, fordelt på kontor i Bergen og Dale. Høyvik vil ikkje gå i detaljar, men seier avtalen med Hero Kompetanse AS er ein av dei tre største avtalene selskapet har i dag.

– Det er ein viktig avtale for oss.

Selskapet har fleire spennande prosjekt på trappene. Og til hausten lanserer dei eit nytt produkt som rettar seg inn mot helsesektoren.

– Vi ventar ein kraftig vekst i selskapet. Så framover håpar vi at vi kan tilsette endå fleire.

– Kor stort er potensialet for selskapet?

– Med alt som skjer i helsesektoren er potensialet enormt. Vi trur selskapet kan vekse i tal tilsette både to og tre gonger det vi er i dag, seier Høyvik.

– Godt nøgde med val av leverandør

Konserndirektør i Hero Kompetanse AS, Fatimah Kristiansen, skriv i ei pressemelding at dei ser fram til å samarbeide med Dale-verksemda Avans As i åra framover.

– Vi har hatt ein grundig prosess i samband med at vi skulle skaffe oss ny programvare, som skal sørge for kvalitet og sikre prosessar i vårt vidare arbeid. Vi er godt nøgde med valet av leverandør.

Høyvik seier avtalen gir selskapet sikre inntekter i tre år, men at denne typen avtalar ofte vil vare i opp mot ti år.

– Det at eit stort konsern som Hero no vel å nytte oss, er ei anerkjenning i marknaden.