Hopp til innhold

No kan Koomson vere på veg tilbake

SOGNDAL (NRK): Gilbert Koomson vart for dyr for Sogndal for to år sidan, då han var på lån hos klubben. No er situasjonen ein heilt annan, ifølgje Eirik Bakke.

Gilbert Koomson kan vere på veg tilbake til Sogndal.

PÅ TRENING: Vi fekk berre eit kort glimt av Gilbert Koomson på trening med Sogndal onsdag ettermiddag. Han skal vere med laget til heilt ut i neste veke.

21-åringen er no løyst frå kontrakten si med thailandske Tero Sasana. Onsdag ettermiddag kom han til Sogndal og var med på trening med resten av laget til Sogndal.

Koomson var i Sogndal på lån i eit halvt år i 2013, og Sogndal vurderte å kjøpe spelaren, men det vart for dyrt.

– Det kosta nokre millionar å løyse han frå kontrakten si då, men no er det ein heilt annan situasjon i og med at han er ferdig med kontrakten si. Det gjer at det er meir aktuelt no, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Ein annan type enn det vi har

Eirik Bakke trening 6. januar 2015

INTERESSERT: Trenar Eirik Bakke meiner Gilbert Koomson hadde passe godt inn i spelargruppa.

Foto: Christian Blom / NRK

Det var likevel ikkje lenge at kantspelaren fekk vist evnene sine under trening. Han var med nokre få minutt før han forsvann. Årsaka var at han hadde vore på reise i halvanna døgn før han kom på treninga. Men han kjem sterkare tilbake på treninga torsdag, ifølgje Bakke.

– Han blir her no til ut i neste veke, så får vi ta ei vurdering. Han er ein annan type kantspelar enn kva vi har. Han har fart og kan utvikle mykje meir ein mot ein. Det er ein flott gut, seier han.

Koomson har den siste tida også slite med skadar. For halvanna-to år sidan tok han korsbandet, fortel Bakke, som er spent på korleis Koomson er fysisk.

Ingenting er spikra

Likevel er det tydeleg at trenaren er freista av det Koomson kan by på.

– Han er litt annleis enn det vi har i troppen no. Og vi er ute etter å finne litt andre typar som nokre kampar kan bidra på andre måtar i og med at vi skal opp i Tippeligaen no.

Gilbert Koomson

PÅ LÅN: I 2013 var Gilbert Koomson på lån i Sogndal i eit halvt år.

Foto: Rune Sjøberg

Fordi han kjenner fleire av spelarane trur Bakke han vil passe godt inn i spelargruppa. Men vil likevel ikkje slå fast at han kjem til Sogndal.

– I første omgang ville vi ha han opp her, og så får vi ta det litt etter kvart. Det er mykje som skal til før det er i boks enno.

Ser etter fleire nye spelarar

Bakke seier han så langt er nøgd med troppen sin, men at dei framleis er på utkikk etter nye spelarar.

– Vi er i dialog med Eirik Birkelund om han skal kome frå Brann. Så i løpet av ei vekes tid veit vi meir om det. Vi har ok tid til å finne dei rette typane. Vi er ute etter å finne unge typar som vil fram på bana og som passar vår filosofi. Dei veks ikkje på tre, flirer han.