Hopp til innhold

No kan fråhaldsmannen Shroot feire på toppen

SOGNDAL (NRK): Medan resten av spelarane får sjansen til å ta seg ein velfortent 16. mai-fest, ber målskårar og fråhaldsmann Robin Shroot nordmenn om ikkje å bli for fulle på nasjonaldagen.

Robin Shroot om Ranheim-kampen og det å vere fråhaldsmann på 16. mai.

HELD SEG EDRU: Robin Shroot har blitt den nye yndlingen for Sogndal-supportarane. Laurdag sikra han sigeren mot Ranheim.

– Eg håpar alle får ein fantastisk 17. mai. Ikkje bli for full, ikkje et for mange burgarar og husk at det at du er stolt over landet ditt er viktigare enn at du blir full. Lukke til!

Slik lyder Sogndal sin nye gentleman og stjerne, Robin Shroot, si helsing til alle etter sigeren mot Ranheim 16. mai. Han sørga for 1–0 til Sogndal, og dermed kan laget ta nokre fridagar, heilt på toppen av 1. divisjon.

– I kveld skal eg vere med kameratane mine ut på fest, men eg drikk ikkje, så eg får heller sjå på at dei andre blir fulle, seier Shroot og ler.

Laster innhold, vennligst vent..

Vil gjerne skåre mange mål

Den tidlegare Stevenage, Birmingham og Hødd-spelaren har glidd lett inn i spelargruppa på Fosshaugane, og blir av alle framstilt som ein uvanleg hyggeleg fotballspelar.

Etter kampen laurdag kveld tok han seg god tid til å snakke både med fans og presse, og kunne nøkternt fortelje at han gjerne skulle sett betydeleg fleire ballar gå i mål.

– Som lag er vi nøydde for å løfte oss for å halde dette nivået framover, og då må vi skåre fleire mål. Eg skulle gjerne sett at resultatet i dag blei både 6–0 og 7-0, i staden for 1-0, slår Shroot fast.

Eirik Bakke om kampen mot Ranheim

GODT NØGD: Eirik Bakke var svært nervøs mot slutten av kampen mot Ranheim.

Ranheim pressa på slutten

Sogndal hadde fleire gode sjansar til å auke leiinga mot Ranheim, men utover Shroot sitt mål i det 44. minutt av 1. omgang, så ville ikkje ballen i mål. For trenar Eirik Bakke blei sluttminutta i kampen tøff.

– Det var vel rett og slett ei liding, men for all del, sigeren vår i dag var vel fortent. Vi har ein dyktig målvakt som sørgar for å halde nullen i dag også, og det fungerer godt i forsvar, seier Bakke.

Tøft bortemøte

Neste kamp for Sogndal er borte mot Sandnes-Ulf måndag 25. mai, og Eirik Bakke er glad for at det blir ei god veke utan kamp no.

– Spelarane er slitne etter eit tøft kampprogram i det siste. Difor er det også så imponerande når dei klarer å sikre sigeren i dag, meiner trenaren.