NRK Meny
Normal

No kan Erik vere på veg heimover

Nordfjordingen Erik Sandal er ferdig i Hødd. No opnar han opp for å vende snuten heimover til Måløy.

Erik Sandal (t.h.) jublar over cupfinalebillett.

FERDIG I HØDD: Erik Sandal frå Vågsøy var med då Hødd hausten 2012 vart cupmeistrar etter sigeren mot Tromsø.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Det er Sunnmørsposten som fredag skriv at Hødd-legenda Erik Sandal er ferdig i sunnmørsklubben. Påtroppande trenar Hans-Erik Eriksen har ifølgje avisa ikkje plass til den skadeutsette midtbanespelaren i Hødd sin A-stall neste år.

Dei siste åra har vore prega av skader for den tidlegare Skavøypoll-spelaren. I romjula for to år sidan braut han foten, medan også store delar av 2014-sesongen vart prega av skader. Denne sesongen har han hatt skader i ryggen og kneet, skriv avisa.

– Det har vore mykje drit på skadefronten, ja. Likevel elskar eg fotball, seier Sandal som legg til at han respekterer klubben si avgjerd.

Sandal har fått tilbod om ein jobb innan spelarutvikling, eit tilbod han vil bruke jula til å tenke over. Både han og sambuaren er frå Måløy, og Sandal seier til avisa at han ikkje ser vekk frå at dei tek turen sørover, før eller seinare.

Vegopning på Bergum i Førde kommune