Sjekk dei brøytekantane - her kan du snart ta turen over høgfjellet

Med brøytekantar på opp mot sju meter vil du få deg ei spesiell oppleving om du tek turen over Sognefjellet i næraste framtid. Brøytemannskapet er i rute, og det går mot opning til 1. mai.

Slik jobbar dei med å frese vekk snøen på fylkesveg 55 Sognefjellet

BRØYTEKANTAR: Tek du turen over Sognefjellet den næraste tida vil du møte på brøytekantar som er opp mot sju meter på det høgste.

Foto: Håvard Nesbø

– No har vi att vel ein kilometer, i tillegg til ein stor snuplass. Så vi skal iallfall vere ferdige til helga, seier brøytesjåfør Terje Weka.

Har vore stengd sidan november

Saman med kollegaene har han den siste månaden jobba med å frese opp høgfjellsvegen på vestsida av Sognefjellet. Vegen mellom Luster i Sogn og Lom i Gudbrandsdalen er kjent for å få mykje snø vinterstid, og Weka legg ikkje skjul på at dei har hatt å gjere på denne våren.

– Det er mykje snø fleire stader, og snøen er steinhard. Nesten som betong. I fjor var til dømes snøen nesten som skum, og var ikkje hard i det heile teke. Så arbeidet har vore litt meir strevsamt i år enn i fjor, det har det vore, seier den erfarne brøytesjåføren.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er ein av fjellovergangane i Norge som blir vinterstengd kvart år, og i fjor vart den stengd i midten av november.

Då var det for lengst kome snø på fjellvegen, og ein utanlandsk semitrailer var blant dei som fekk merke at det var best å ha utstyret i orden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik jobbar Terje Weka med å frese vekk snøen på fylkesveg 55 Sognefjellet

I SVING: Terje Weka har vore i sving med å frese vekk snøen på fylkesveg 55 dei siste dagane.

Foto: Håvard Nesbø

Sju meter høge brøytekantar

No er det snart klart for igjen å sleppe trafikk over høgfjellsvegen, og det kan bli eit spektakulært syn for bilistane.

Ved sidan av vegen står nemleg brøytekantane høgt.

– På det høgste er brøytekantane oppe i sju meter i området ved Storfonni, og ved Prestesteinen er dei oppe i seks meter, fortel brøytesjåfør Terje Weka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik jobbar dei med å frese vekk snøen på fylkesveg 55 Sognefjellet

STRÅLANDE VÊR: Sol og blå himmelen har gitt gode arbeidsforhold for brøytemannskapet denne veka.

Foto: Håvard Nesbø

Kan verke skremmande

Sjølv let han seg ikkje skremme av å køyre med snøen tørnande over seg slik, men han veit at enkelte synest det er litt skummelt.

– Eitt år køyrde det ein danske her, og han var i oss og meinte vi måtte stengje vegen med det same sidan det var så høge snøkantar. Han var redd han skulle bli innestengd nede mellom snøkantane, humrar Weka.

– Men vi er vande til det, så vi tenkjer ikkje over det, seier han.

Ein kilometer for dag

Arbeidet med å brøyte opp vegen starta allereie i starten av april, og sidan har dei jobba i til saman åtte dagar.

– I snitt greier vi brøyte ein kilometer for dag. Men i nokre område tek det lengre tid, som i Storfonni, der vi brukte ein heil dag og to maskiner på berre 100 meter, seier Weka.

Torsdag har dei berre sjarmøretappen att, den siste flata bort til fylkesgrensa til Oppland. I strålande fint vårvêr har arbeidet gått lett dei siste dagane.

– Det er heilt nydeleg vêr med god sikt. Det er nesten så det blir for mykje lys. Det er heilt kvitt, og sola kjem rett på. Men det er fint, seier Weka og klagar ikkje på arbeidsforholda.

(Artikkelen held fram under biletet)

Postkortstemning frå arbeidet med å frese opp vegen over Sognefjellet, 24. april 2014

POSTKORTSTEMNING: Det er vel ingen som nektar for at det er reine postkortstemninga på Sognefjellet i desse dagar. I det gode vêret jobbar brøytemannskapet med å frese vekk metervis med snø frå høgfjellsvegen.

Foto: Håvard Nesbø

Håpar på opning til helga

Hos Statens vegvesen stadfestar dei at det går mot opning i løpet av dei næraste dagane.

Per Ove Fossheim har ansvar for driftskontraktane i Sogn og seier til NRK.no at framdrifta med snøryddinga har gått raskare enn dei hadde venta.

– Normalt opnar vi 1. mai, men no har vi hatt fint vêr og framdrifta har gått veldig bra. Slik det ser ut no håpar vi å kunne opne allereie laurdag klokka 10.

Ein viktig føresetnad er at brøytearbeidet også på andre sida av fjellet blir ferdig. Fossheim seier mannskap på begge sider no jobbar for å bli ferdige, men understrekar at dei må ta atterhald om at ting kan skje undervegs.

– Det kan bli maskinhavari eller andre ting, men inntil vidare satsar vi på opning klokka 10 førstkomande laurdag. Vi ber folk følgje med på vegmeldingane på Vegvesen.no.

Den første tida etter opninga vil vegen over Sognefjellet vere nattestengd i tidsrommet mellom klokka 20 om kvelden og 08 om morgonen. Dette av omsynet til tryggleiken.

Det er i tillegg venta at fylkesveg 13 over Gaularfjellet opnar 1. mai. Også her blir det no jobba for å kome i land med brøytinga, men ein del småras har prega arbeidet, fortel Fossheim.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.