Hopp til innhold

Her kan du skaffe deg di eiga private kai for nesten ingenting

Drøymer du om di eiga kai med evig båtplass i eit naturparadis? No kvittar Kystverket seg med 71 gamle kaianlegg langs heile kysten.

Kvar er dette?

VETVIKA: Her budde det folk fram til 1950-talet. No vil Kystverket selje ei kai som ligg rett ved den kritkvite stranda.

No kan du få landsfeste til sydlandsk stemning heilt gratis. Ei kai i den veglause turperla Vetvika i Bremanger kommune er blant dei 71 gamle kaiene som Kystverket no sel unna.

– Fiskerinæringa har endra seg. Fartøya har blitt større og det er mindre bruk for desse kaiene. Det er betre at dei blir brukt, og at vi ikkje stenger for anna aktivitet, seier Vigdis Bye, som er avdelingsdirektør i Kystverket.

Den totale taksten på kaiene er 25 millionar kroner, men det er stor spennvidd i prisane. For ei kai i Golten i Sund kommune er taksten to og ein halv million kroner, medan kaia i Vetvika har ein takst på null.

– Det er ikkje lett å setje ein pris på noko sånt, så det har nok vore vanskeleg for takstmannen, seier Bye.

Du må truleg stille deg sist i køen viss du har planar om å kjøpe ei av kaiene som er til sals i Stavern, Hellestø på Sola eller på Lindesnes. Statlege etatar har førsteretten til å ta over kaiene gratis.

– Vidare prioriterer vi kommunar eller fylkeskommunar som får overta til takst. Organisasjonar, som eit båteigarlag, har tredjeprioritet. Melder ingen av desse seg, så legg vi det ut på den opne marknaden, seier Bye.

Vil ikkje ha gratis kai

For Bremanger kommune er det ikkje aktuelt å få gratis landsfeste til den veglause naturperla i kommunen, der det budde folk fram til 1950-talet.

– Vi er opptekne av å få aktivitet på kaiene vi allereie eig, seier rådmann Tom Joensen.

I Selje kommune er situasjonen annleis. Der vil formannskapet sikre seg fire av kaiene som er til sals i kommunen. Sjølv om kaia i Vetvika er gratis, så er rådmannen uroa for at det ville blitt ein kostbar affære som eigar.

– Prisen seier noko om standaren på kaia i Vetvika. Det er tøffe vêrforhold og ho er i dårleg stand, så vedlikehald vil koste ein del.

Evigvarande bruksrett og vedlikehald freistar ikkje kommunen, men Kystverket håpar andre i lokalsamfunnet vil sikre seg kaia på det ynda turmålet.

– Det er eit røvarkjøp for dei som vil nyte kritkvit sand, så vi håpar lokalsamfunnet melder si interesse, seier Vigdis Bye, som er avdelingsdirektør i Kystverket.

Tom Joensen

MÅ TA VARE PÅ KAIENE DEI HAR: Bremanger-rådmann Tom Joensen seier kommunen ikkje vil kjøpe kaia i Vetvika.

Foto: Bård Siem / NRK