No kan du sjølv teste om du vaskar hendene grundig nok

FØRDE (NRK): Helse Førde har maskinar med UV-lys som kan sjekke om hendene er reine. No kan du også få teste di eiga handhygyiene.

UV-maskin

KONTRASTAR: Når vi desinfiserer hendene våre og set dei inn i dette UV-lyset, blir hendene kvite der vi er reine nok. Om ein ser hud, har ein ikkje vore grundig nok.

Foto: May-Helen Rolfsnes

– Ein må bruke ganske lang tid på å dekke alle flatene. Vi konsentrerer oss vel oftast om å vaske handflatene, men gløymer oppå, mellom fingrane, fingertuppane og tomlane.

Det fortel hygienesjukepleiar Åse Skare om både vanleg handvask og desinfisering. Skare brukar UV-maskin til undervisning i sjukehuset, for at helsearbeidarar skal bli gode i å utføre smøremetodar for handhygiene.

Hygienesjukepleiarar

HYGIENESJUKEPLEIARAR: Laila Aarnes og Åse Skare i Helse Førde fortel at det er viktig å dekke alle krikar og krokar når ein smører seg med desinfiserande middel.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Skare fortel at handhygiene ikkje berre er essensielt for sjukepleiarar, men også for mannen i gata.

– I det daglege er det viktig å vaske seg godt etter toalettbesøk, om ein har vore i forureina miljø, og før ein skal lage mat.

Eitt minutt under vasken

– Når ein bruker handdesinfisering må ein smørje i 20–30 sekund. Ein må ha såpass mykje middel at det dekker handflata. Når det gjeld såpe og vatn, er det akkurat same smøremetoden, men då bruker ein 45–60 sekund, fortel hygienesjukepleiaren.

Ved handvask fjernar vi bakteriar, medan vi ved desinfisering tar knekken på bakteriane.

Når det gjeld såpe og vatn, er det akkurat same smøremetode, men då bruker ein 45 – 60 sekund.

Åse Skare, hygienesjukepleiar
vasker hender

GRUNDIG: Smøremetoden for desinfisering og handvask er den same: På og inni handflatene, mellom fingrane, på fingertuppane og tomlane. Ein skal vaske hendene i 45–60 sekund.

Foto: Helene Wille Lund / NRK

I tida frå november fram til april er det mykje magesjuke og influensa, og då er det spesielt viktig å tenke god handhygiene, fortel Skare.

5. mai er har Verdas helseorganisasjon (WHO) handhygienedag. 4. mai markerer sjukehusa i fylket denne dagen. Då kan du kome på stand og prøve UV-apparatet til hygienesjukepleiarane.

Den mest naturlege smittevegen

Helsearbeidarar er strenge med å bruke desinfiserande middel på jobb.

– På sjukehuset tenker vi pasienttryggleik. Det er viktig at pasientar ikkje får infeksjonar når dei kjem på sjukehuset, fortel hygienesjukepleiar Skare.

Hendene er den mest naturlege smittevegen.

– Frå helsearbeidar til pasient, og frå pasient til helsearbeidar, er det via hendene mykje av bakteriane og mikroorganismane blir overført.

UV-maskin test

TEST: Hygienesjukepleiar Laila Aarnes testar om ho har vore grundig nok med å smørje desinfiserande middel på hendene.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK
Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.