Hopp til innhold

No kan du overnatte i ein «pod» på Refviksanden

– Vi er den første campingplassen i verda med dette tilbodet, seier initiativtakar Rune Eriksen.

Podtown Refviksanden

HAVUTSIKT: Frå poddane i Refvik får du utsikt mot havet.

Foto: Privat

På campingplassen på Refviksanden har det dukka opp to spesielle konteinarar. Konteinarane er innreia med soveromsmodular, og i kvar konteinar er det åtte soverom med dobbeltseng. Dei såkalla «poddane» har mellom anna vore å finne på Malakoff Rockfestival og Norsk Countrytreff denne sommaren.

– Vi har plassert konteinarane slik at ein får utsikt utover mot Refviksanden, og solnedgangen i havet, fortel Rune Eriksen, ein av initiativtakarane bak det nye tilbodet.

Pod Refviksanden

DOBBELTSENG: Kvar pod har soveplass til to personar.

Foto: Privat

Eriksen er ein av arrangørane bak Strandfestivalen i Refvik. Han kom først i kontakt med dei som driv Podtown, selskapet som eig poddane, på eit bransjetreff for festivalar i samband med Malakoff torsdag og fredag. Då spurde han om det kunne vere mogleg å få poddane til Refvik.

– Dei var ikkje så lystne med ein gong, men så viste vi dei nokre bilete frå Refvik og solnedgangen der, og då tende dei skikkeleg på ideen.

På plass etter fire dagar

På fredag fekk dei i hamn ei avtale om å få éin konteinar til Refvik. Laurdag fortalde Podtown at dei måtte ha ut to konteinarar.

– Det var ikkje det vi hadde sett for oss med tanke på plass, men vi tenkte at vi skulle klare det.

Poddar Refviksanden

KONTEINAR: Dette er ein av dei to konteinarane som no er på plass på Refviksanden.

Foto: Privat

Søndag tok Eriksen ideen opp med styret i Refvik bygdeutvikling, som alle ville ha poddane til bygda. Då fekk Eriksen ordna transport, og måndag var begge konteinarane på plass i Refvik.

– Er dette løysinga på eit problem med manglande overnattingsplassar i Refvik?

– Ja. Det vi ser er at campingplassen er fint lagt til rette for telt, bubil og campingvogner, men viss det er litt ruskevêr her er det problematisk med telt. I tillegg er det no fleire kundegrupper som får eit tilbod her, til dømes dei som køyrer motorsykkel.

– Første i verda

Ifølgje Eriksen er dei no den første campingplassen i verda som kan tilby denne typen overnatting.

– Det er vi veldig stolte over.

– Korleis trur du dette vil verte motteke av gjestane i sommar?

– Eg trur det vert veldig godt motteke. No har vi hatt konteinarane ståande her i berre nokre få timar, og her er frykteleg mange som har kome ned og sett på dei. Her er vel fire stykke som har bestilt rom frå i morgon. Det er veldig kjekt.

Eriksen trur poddane kan gje campingplassen moglegheita til å tilby overnatting også til turistar som vil oppleve vestlandsvêret på hausten og vinteren.

– Vi må sjølvsagt plassere og forankre konteinarane på ein litt annan måte enn vi har gjort no om vi skal ha det som eit heilårstilbod, men no får vi ei moglegheit til å sjekke om det er noko å satse på.

Eva Marie Pleym, Tore Lund og Rune Eriksen

INITIATIVTAKARAR: Eva Marie Pleym (f.v.), Tore Lund og Rune Eriksen har fått poddane til Refvik.

Foto: Privat