Hopp til innhold

No kan du låne bøker - til og med når biblioteket er stengt

Frå og med i dag kan alle som bur i Sogn og Fjordane låne elektroniske bøker, såkalla E-bøker, frå ei felles e-boksamling. Og du treng ikkje gjere det i biblioteket si opningstid.

iPad med ebok

MED PÅ TUREN: Har du til dømes nettbrett, kan du ha med deg bunkevis av bøker på ferie, utan at bagasjen vert tyngre.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Sogn og Fjordane er dermed eitt av dei aller første fylka i landet som tilbyr e-bøker.

Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen gler seg over tilbodet som no mange kan få nytte av.

– Dette er vi veldig glade for. Dette er eit etterlengta tilbod som folk har spurt etter ei stund. Men det har teke si tid å få på plass avtalar mellom forlaga og biblioteka, seier Ingvaldsen.

Avtalane var først på plass i fjor, og så kom den tekniske løysinga på plass i løpet av sommaren.

– Då var det berre å gå i gang. No gler vi oss veldig til å presentere dette for folk, seier Ingvaldsen.

Mange har spurt etter tilbodet

Tilbodet vart kunngjort og feira ved biblioteket i Sogndal, noko biblioteksjef i Sogndal, Signe Witsø, tykte var stas.

– Dette er noko mange har spurt etter, så no er vi glade for at det er i gang, seier Witsø.

Ho fryktar ikkje at det nye tilbodet skal føre til at ingen lenger tek turen på biblioteket for å låne vanlege bøker av papir.

– Eg trur dette er eit ekstra tilbod til folk, på lik linje med til dømes lydbok, musikk og film. Dei vanlege bøkene vil bestå lenge endå, trur eg, seier Witsø.

Treng app for laste ned bøker

For å kunne låne e-bøker, treng du ein app på anten telefonen eller nettbrettet ditt. Når den er lasta ned, nyttar du lånenummer frå lånekortet du har, samt ein pinkode, og då kan du logge deg inn.

– Når du er inne, har du tilgang til ein base som er felles for heile fylket, forklarar Ingvaldsen.

Siri Ingvaldsen

GLER SEG: Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen fortel at mange har etterlyst elektroniske bøker.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

E-bokbasen er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket og alle folkebiblioteka i fylket, samt biblioteka ved dei vidaregåande skulane. Så om du sit i Bremanger eller Vik eller i ein annan kommune i fylket, så har du tilgang til akkurat dei same bøkene.

– Førebels har vi om lag 400 titlar i basen, men den veks heile tida. Tilbodet vil auke jamt og trutt, seier Ingvaldsen.

Per i dag er det mest norsk skjønnlitteratur i samlinga, men Ingvaldsen understrekar at det etter kvart vil komme meir faglitteratur og barne- og ungdomsbøker.

Trur det får fleire til å lese

– Det har vore lett å få tak i engelsk litteratur til nettbrett, men det har vore vanskelegare å få tak i norske bøker. Det skuldast at det har teke tid å få på plass avtalar mellom forlaga og biblioteka, seier Ingvaldsen.

Witsø ser store fordelar med å kunne låne ut også e-bøker.

– Eg trur det vil få fleire til å lese, og det tykkjer eg er viktig. Det er ikkje alle som har like kort veg til biblioteket sitt. No kan dei sitje heime og laste det ned. Alt dei treng er eit lånekort, viss dei ikkje har det frå før, seier Witsø.

Ho peikar på at det også vert lettare for dei som er rørslehemma eller har vanskeleg for å fysisk komme seg til eit bibliotek.

Ho trur også dette vil passe for både unge og eldre.

– Eg trur dette er noko for alle aldersgrupper. Også mange eldre har anten iPhone eller nettbrett, så eg trur slett ikkje dette berre vil vere noko for ungdommar, seier Witsø.