Hopp til innhold

No kan du gjere dette langs alle hovudvegane

For tre år sidan var det berre ein. No er det 19. Sogn og Fjordane har faktisk det beste tilbodet i landet i forhold til talet på elbilar som rullar i fylket, ifølgje Grønn kontakt.

Hurtigladestasjon ved Coop Extra i Førde.

PÅ LADING: Her ved ladestasjonen i Førde er pågangen til tider så stor at Grønn kontakt har måtte utvide talet på kontaktar.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Det er uproblematisk å køyre elbil langs hovudvegane i Sogn og Fjordane. Det krev ingen særleg planlegging lenger, seier dagleg leiar Ole Henrik Hannisdahl i Grønn kontakt. Selskapet hans er eigd av 23 kraft- og nettselskap i heile i landet, deriblant SFE og Sunnfjord Energi.

Dei fekk anbodet på å byggje ut hurtigladestasjonar langs E39, riksveg 5 og riksveg 15, og har 14 av dei 17 stasjonane. Kravet til å få statlege løyvingar er at det ikkje skal vere meir enn fem mil mellom kvar stasjon. Langs E16 har finske Fortum bygt eit tilsvarande nett av hurtigladestasjonar.

– Offentleg støtte har gitt rask utbygging

Ved utgangen av mars i år var det 725 registrerte elbilar i Sogn og Fjordane.

Ole Henrik Hannisdahl

UTBYGGJAREN: Dagleg leiar i Grønn kontakt, Ole Henrik Hannisdahl.

Foto: Grønn Bil

– Målt pr. elbil er Sogn og Fjordane fylket med best ladedekning. Talet på hurtigladestasjonar har vakse fort fordi styresmaktene har bidrege med støtteordningar, forklarar han.

No har Grønn kontakt berre igjen å byggje hurtigladestasjonar på Bryggja, i Naustdal og Hjelledalen før oppdraget i Sogn og Fjordane i denne omgang er utført.

Når stasjonane kjem på plass i løpet av året, vil du til dømes kunne køyre frå Måløy eller Florø til Oslo eller Bergen utan at du trenger uroe deg for ikkje å få lada bilen.

Vil unngå å miste kundar

Men langt frå alle stader i fylket har tilbod om kjapp lading av elbilar. Knutholmen i Kalvåg er ein av desse stadene. Her har dei uttak for lading, men ingen tilbod om hurtig lading.

Svein Inge Fosse fortel at Tesla har lova å setje opp ein stasjon i løpet av sommaren. For han som driv restaurant og tilbyr overnatting er dette eit avgjerande tilbod.

– Vi har mange kundar som køyrer elbil. Kjem den ikkje på plass, må vi gjere noko sjølve. Det vert fleire og fleire elbilar, og vi mister kundar om vi ikkje kan tilby lading.

– Ingen grunn for ikkje å kjøpe elbil

Christine Bu i Elbilforeningen

GODT NØGD: Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforening, meiner talet på ladestasjonar no er så høgt at folk i Sogn og Fjordane trygt kan kjøpe elbil utan å uroe seg for at dei ikkje får lada bilen.

Foto: Norsk elbilforening

Hittil i år er det selt 142 nye elbilar i Sogn og Fjordane, noko som utgjer 12 prosent av nybilsalet. På landsplan er marknadsdelen 18 prosent.

Generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening ser ingen grunn til at folk i Sogn og Fjordane ikkje skal kjøpe seg elbil.

– Folk har vore opptekne av at det har mangla hurtigladestasjonar, men no er det kanskje mange som ikkje har fått med seg at det er ganske bra utbygt. No er dekninga så god at fleire bør kunne kjøpe elbil og bruke bilen på lengre turar, meiner ho.