Normal

No kan du endeleg sjå «Lovleg»

Det meste har vore hemmeleg rundt NRK sin nye ungdomsserie – «Lovleg». Men i dag kan du få første smakebit av serien.

Lovleg

FØRSTE DEL: I dag kan du få første smakebit av «Lovleg», som er spelt inn på Sandane.

Foto: NRK

Ei brennande bryggje og det som høyrest ut som feststemt ungdom ein sommarkveld ved Gloppefjorden. Det var den vesle smakebiten NRK P3 delte i sin promo av serien, som kom for nokre dagar i sidan.

I dag hadde serien premiere, og i tida framover får vi fleire svar på kva meir serien – som er spelt inn på bygda i Sogn og Fjordane – byr på.

– Vi har kjent på presset i mange månader. Det er store forventningar til at dette skal bli ein ny internasjonal suksess, og vi har enorm respekt for det som NRK P3 har fått til med liknande seriar, sa produsent Hege Hauff Hvattum tidlegare i sommar.

Dei var då i full gang med innspelinga av «Lovleg» på Firda vidaregåande skule på Sandane.

Lovleg, P3 serie Sandane

NO KJEM LOVLEG: NRK P3 sleppte for litt sidan promoen for si nye ungdomssatsing, Lovleg. I dag har serien hatt premiere.

Foto: Rubicon TV/NRK

Serien handlar om ungdom som bur på hybel og er eit samarbeid mellom Rubicon og NRK. Ein del av temaet for serien er utfordringane ungdommane står i når dei flyttar heimanfrå og må stå på eigne bein.

Både «Lovleg» og «Skam» er nettbaserte drama om ungdom på vidaregåande skule, men produsent Hvattum vil ikkje kalle «Lovleg» ein oppfølgar.

– Dette er ingen oppfølgar til SKAM. Det kjem alle til å sjå i første episode, sa ho under innspelinga i juli.

Hvattum avslørte då at serieskaparen sjølv har vore elev ved Firda vidaregåande skule. I tillegg kjem alle skodespelarane og statistane frå Sogn og Fjordane.

Kristiane Engelbrektson, som er ein av statistane i filmen, set pris på moglegheita til å vise fram Bygde-Noreg i ein serie som er retta mot ungdom.

– Det er viktig at vi blir representert. Då får andre som ikkje er herfrå eit innblikk i korleis det er å bu her, sa Engelbrektson til NRK tidlegare i sommar.

Vegopning på Bergum i Førde kommune