NRK Meny
Normal

No kan du bli med inn i Norsk Reiselivsmuseum

Om vel ein månads tid blir Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand offisielt opna. Her kan du få eit lite innblikk i korleis det ser ut innvendig.

Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand
Foto: Stgatsbygg

Dei som har arbeidd med museet kan skrive under på at det ikkje har vore nokon kjapp og lettvint veg til dette målet. Førstekonservator Aage Engesæther fortel at det heile starta tidleg på 1980-talet - i Bergen.

– Men det var ingen i Bergen som tok tak i den ballen som vart sparka opp, den vart teken ned her i Balestrand av særleg Per Kvikne, som då var direktør på Kvikne`s Hotel, og andre sentrale folk i Balestrand.

Dei arbeidde systematisk for å få til det dei kalla Vestnorsk Reiselivsmuseum, dei oppretta ei stifting, og fekk laga planar. Dåverande fylkeskultursjef Lidvin M. Osland hjelpte til, slik at dei kom inn på lista over museum som skulle få tilskot.

Aage Engesæther

– HAR VORE JOBBA GODT: Førstekonservator Aage Engesæther.

Foto: Marte Bergset / NRK

– Kjem ikkje av seg sjølv

Men det har vore mange skjer i sjøen.

– Å byggje eit nytt museum i Sogn og Fjordane med ei kostnadsramme på offisielt 70 millionar, og som no i realiteten kostar opp mot 100 millionar, kjem ikkje av seg sjølv. Det har vore store politiske utfordringar, og det har vore jobba godt av mange for å realisere dette.

Opphaveleg var det planlagt ein heilt annan bygning enn den som no står nesten ferdig. Norsk Reiselivsmuseum er bygd inn i grunnfjellet, og akkurat det har vist seg å skape vanskar og forseinkingar.

Norsk Reiselivsmuseum

INNE I FJELLET: Norsk Reiselivsmuseum er bygt inn i fjellet mellom kaia i Balestrand og Kvikne´s Hotel.

Foto: Marte Bergset / NRK

Utsett fleire gonger

Først i 2013 vart grunnsteinen lagd ned. Då vart det rekna med at museet skulle bli offisielt opna i 2014. Men slik gjekk det ikkje, seier avdelingsdirektør Aud Ross Solberg i De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum.

– Det vart oppdaga vasskadar, og det måtte reparerast. Vatnet kom inn gjennom sprekker i fjellet. Opninga har vore utsett fleire gonger, men no reknar vi med å kome i mål i vår.

Enno står det att ein god del arbeid, men dei har sett 29. april som opningsdato.

Aud Ross Solberg

TRUR PÅ OPNING 29. APRIL: Avdelingsdirektør Aud Ross Solberg.

Foto: Marte Bergset / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune